3.11. Lim inn som

Denne kommandoen limer inn innhaldet frå utklipstavla. Dersom tavla er tom, vil du få ei feilmelding om dette:

Det finst ingen måtar å tømme utklippstavla på, så kanskje du får opp eit gammalt bilete som du har gløymt at du la der.

Denne kommandoen opnar ein ny meny:

Figur 16.16. Undermenyen «Lim inn som»

Undermenyen «Lim inn som»

3.11.1. Lim inn som nytt bilete

Kommandoen Lim inn som nytt bilete oppretter eit nytt biletvindauge og limer det som måtte finnast på utklippstavla inn i dette. Dersom utklippet ikkje er firkanta, vil alle områda som ikkje rekk ut til ramma bli markerte som gjennomsiktige. Det blir om nødvendig lagt til ein alfakanal automatisk. Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du bruker denne kommandoen slik at du får eit bilete med same dimensjonane som utvalet.

Denne menyoppføringa er den same som menyvalet FilOpprettFrå utklippstavla.

3.11.1.1. Aktivering

Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerLim inn somNytt bilete.

3.11.2. Lim inn som nytt lag

Kommandoen Lim inn som nytt lag oppretter eit nytt biletlag i det aktive biletet og limer det som måtte finnast på utklippstavla inn i dette. Dersom utklippet ikkje er firkanta, vil alle områda som ikkje rekk ut til ramma bli markerte som gjennomsiktige. Det blir om nødvendig lagt til ein alfakanal automatisk. Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du bruker denne kommandoen.

3.11.2.1. Aktivering

Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerLim inn somNytt lag.

3.11.3. Lim inn som ny pensel

Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge slik at du kan gi den nye penselen eit namn. Penselen vil bli synleg i penseldialogen.

3.11.3.1. Innstillingar

Figur 16.17. Dialogen for «Lim inn som ny pensel»

Dialogen for «Lim inn som ny pensel»

Penselnamn

Penselnamn er det namnet som blir brukt på penselen i penseldialogen.

Filnamn

Den nye penselen blir lagra som File name (med filutvidinga .gbr) i den personlege brushes-mappa di.

Mellomrom

Mellomrom: Når penselen teiknar ei linje blir dette eigentleg gjort ved å setje av gjentatte penselavtrykk. Mellomrommet er avstanden mellom desse avtrykka. Blir dei tette nok, blir linja heiltrukke.

3.11.3.2. Aktivering
  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerLim inn somNy pensel.

3.11.4. Lim inn som nytt mønsterelement

Kommandoen opnar eit dialogvindauge slik at du kan setje namn på mønsterelementet. Det er dette namnet som blir vist i mønsterdialogen.

3.11.4.1. Innstillingar

Figur 16.18. Dialogen for «Nytt mønster»

Dialogen for «Nytt mønster»

Mønsternamn

Det er dette namnet som blir synleg i Mønsterdialogen.

Filnamn

Det nye mønsterlementet blir lagra som Filnamn (med utvidinga .pat) i den personlege patterns-mappa di.

3.11.4.2. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerLim inn somNytt mønsterelement.