Kommandoen
blir brukt for å bestemma utsjånaden for rutenettet du kan legge over biletet for å gjere tilpassingane meir nøyaktige. Du kan velje farge for nettet, avstanden mellom linjene og forskyving i høve til biletet. Endeleg kan du også velje mellom fem ulike rutemønster.Utsjånad
Du bruker dette dialogvindauget for å bestemma utsjånaden på det rutenettet som kjem fram når du slår på rutenettet.
Dette er den minst iaugnefallande stilen, med ein liten prikk i kvart krysningspunkt.
Dette er normalstilen, og syner eit lite kryss i kvart av krysningspunkta.
Denne stilen viser stipla linjer. Dersom desse linjene er svært nære kvarandre, kan rutenettet bli vanskeleg å bruke.
Denne stilen viser stipla linjer der fargen på linjene vekslar mellom forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen annakvar gong.
Denne stilen viser heiltrukne linjer i forgrunnsfargen.
Klikk på fargeruta for å velje farge for rutenettet.
Mellomrom
Du bestemmer her cellestorleiken for nettet, dvs. avstanden mellom linjene, i den måleeininga du ønskjer.
Forskyving
Du bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i forhold til biletet. Koordinata har, som vanleg, utgangspunkt i øvre, venstre hjørne (0,0).