6.28. Bileteigenskapar

Menyvalet «bileteigenskapar» opnar eit vindauge med ein god del informasjon om det gjeldande biletet.

6.28.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteBileteigenskapar

  • eller med tastatursnarvegen Alt + Return.

6.28.2. Innstillingar

Dialogvindauget inneheld tre ulike faner.

6.28.2.1. Fanen «Eigenskapar»

Figur 16.85. Fanen «Eigenskapar»

Fanen «Eigenskapar»

Pikseldimensjonar

Viser kor mange pikslar høgt og breidt biletet er.

Utskriftstorleik

Viser kor stort biletet blir, i tommar, som papirbilete.

Oppløysing

Viser vertikal og horisontal utskriftoppløysing i «Pixel per inch» (ppi = pikslar per tomme).

Fargemodell

Fargemodellen for biletet.

Filnamn

Viser filnamn og lagringsplass for biletfila.

Filstorleik

Storleiken på biletfila.

Filtype

Viser filformatet på biletfila.

Storleik i minne

Viser kor mykje plass biletet og biletjournalen tar opp i minnet (RAM).

Angringar

Viser kor mange gonger du har angra, og kor mykje plass dei tar i minnet. Du kan finne nærare informasjon om dette i dialogenangrelogg.

Gjentakingar

Viser kor mange gjentakingar du har gjort og kor mykje plass dei tar i minnet.

Talet på pikslar, lag, kanalar og banar

Bra tald!

6.28.2.2. Fanen «Fargeprofil»

Figur 16.86. Fanen «Fargeprofil»

Fanen «Fargeprofil»

Denne fanen viser kva fargeprofil biletet er lasta inn i GIMP med.

6.28.2.3. Fanen «Kommentar»

Figur 16.87. Fanen «Kommentar»

Fanen «Kommentar»

I denne fanen kan du sjå og eventuelt redigera eventuelle merknadar til biletet.