Tillegg B. Å rapportere feil og forslag til forbetringar

Innhald

1. Forsikra deg om at det verkeleg er ein feil
2. Rapportering av feil
3. Kva skjer med feilmeldinga når ho er sendt?

Trist å måtte innrømma det, men til nå har ingen versjonar av GIMP vore absolutt feilfrie. Det vil nok også vere tilfelle for komande versjonar av GIMP. Trass i alle gode intensjonar, vil det i eit så komplisert program som GIMP alltid dukka opp bruksmåtar eller -kombinasjonar som ingen hadde tenkt på førehand skulle kunne skje. Dette er eit problem alle programutviklarane kjenner godt til — eller i det minste burde kjenne til.

Erkjenninga av at det finst feil, betyr likevel ikkje at feil skal aksepterast. Dersom du finn ein feil i GIMP, vil utviklarane svært gjerne få grei på det, slik at dei i det minste kan gjere forsøk på å utbetra han.

Dersom du oppdagar at GIMP i visse samanhengar oppfører seg unormalt, kan det hende du har dumpa over ein feil med programmet. Kva bør du gjere? Korleis rapportera feilen?

[Tips] Tips

Prosedyren for å senda ønskje om forbetringar, dvs. spørsmål til utviklarane om å leggje til eit manglande bruksområde, er nesten den same som når du rapporterar feil. Einaste skilnaden er at skjemaet blir merka med «enhancement». Sjå nedføre.

Tilliks med mange andre frie programvareprosjekt, bruker også GIMP feilrapporteringssystemet Bugzilla. Dette er eit svært kraftig, internettbasert system som er i stand til å behandle tusenvis av feilrapportar utan å miste oversynet. GIMP deler faktisk database med heile Gnome-prosjektet. Når dette blir skrive inneheld databasen 148632 feilrapportar — nei, nå har det endra seg til 148633.

1. Forsikra deg om at det verkeleg er ein feil

Før du planlegg å rapportera ein feil, må du forsikre deg om at det verkeleg er ein feil. Det er vanskeleg å setje opp ein plan for korleis du kan kontrollere om du har oppdaga ein verkeleg feil. Ofte vil det vere til stor hjelp å lese dokumentasjonen. Det kan kanskje vere lurt å diskutera problemet på IRC eller andre postlister. Dersom du opplever eit skikkeleg krasj, er sjansen for at det er ein reell feil nokså stor. (Dette i motsetnad til når GIMP oppfører seg uventa). Velskrive programvare er utforma slik at dei ikkje skal kunne krasje, same kva som skjer. Har du gjort seriøse forsøk på å finna ut om det verkeleg er ein feil i GIMP som er årsaka til krasjet, men framleis er usikker på årsaka, er det betre å rapportera feilen enn å la det vere. Det verste som kan skje er at du har kasta bort tida til utviklingsteamet.

[Notat] Notat

Det er faktisk noen få kjende ting som kan få GIMP til å krasje, men som det ikkje er bryet verd å gjere noe med. Ein av dei er å be GIMP om å gjere noe som krev uhorvelege mengder minneplass, som for eksempel å lage eit bilete med ein million biletpunkt i kvart lag.

Du bør også forsikre deg om at du brukar ein oppdatert versjon av GIMP. Å rapportera feil som alt er retta er å sløse med tida for alle. (GIMP 1 blir ikkje støtta. Finn du feil i GIMP 1 må du anten oppgrade til GIMP 2 eller leve med feilen.) Spesielt dersom du bruker utviklingsversjonar av GIMP, er det viktig at du finn feilen også i den siste versjonen før du sender inn ein rapport.

Dersom du framleis meiner du har ein legitim feilrapport å levere frå deg, er det neste steget å gå til GIMP sine spørsmålssider hos bugzilla (http://bugzilla.gnome.org/query.cgi) for å finne ut om andre har funne den same feilen. (Alt føregår på engelsk).

There are two forms you can use for searching bugs: a simple form to Find a Specific Bug, and an Advanced Search.

1.1. Find a Specific Bug

Figur B.1. Bugzilla: Å finne ein bestemt «bug»

Bugzilla: Å finne ein bestemt «bug»

Searching for bugs using the simple bug search form


Når du bruker dette skjemaet må du først velje Product«GIMP» (klassifisert som «Other») ved hjelp av nedtrekkslista. Deretter treng du bare å skrive inn søketermane (skilde med mellomrom), f. eks.

filter crash

i innskrivingsruta og klikke på knappen Search.

1.2. The Advanced Bug Search Form

The alternative form, the advanced query page, allows you to search the bug database in a variety of ways:

Figur B.2. Bugzilla: Advanced Search

Bugzilla: Advanced Search

Searching for bugs using the advanced bug search form


Unfortunately this page is a bit more complicated to use than it really ought to be (at least, some items are hyperlinks leading to detailed help), but here is basically what you should do:

Summary (Samandrag)

Sett denne til «contains any of the words/strings»

Summér feilen i eitt eller noen få (engelske) ord som fortel kva feilen går ut på. For eksempel, dersom mykje zooming fører til krasj, skriv du ordet «zoom».

Classification

Other (since GIMP is not part of the GNOME Desktop suite).

Product (Produkt):

Set this to GIMP (or GEGL, GIMP-manual etc., if appropriate).

Component (komponent):, Version (versjon):, Target (plattform):

Ikkje skriv noe her.

Comment, Whiteboard, Keywords

Ikkje skriv noe her foreløpig. Dersom søket ditt er mislukka, kan du prøve med å skrive søkeorda dine i merknadsfeltet («comment»). Dette fører som regel til at du anten får ein heil bråte treff, eller ingenting.

Status

Dette feltet viser status for feilrapporten. Sidan du ønskjer å sjå alle feilrapportane, uavhengig av status osv, sveiper du over alle felta med venstre museknappen nede.

Resolution, Severity, Priority, OS

Usually you shouldn't touch these items.

(Any other items)

Ikkje skriv noe her.

Når alt er slik du vil ha det, klikkar du på knappen «Search». (Det er to av desse, ein oppe og ein nede på skjemaet. Dei gjer nøyaktig det same). Resultatet blir anten ei liste over feilrapportar, vonleg ikkje så alt for lang, eller meldinga «Zarro boogs found» (dvs. ingen feil fundne). Dersom du ikkje finn feilrapportar relaterte til søkeordet ditt, kan det vere verd å prøve eit anna søkeord. Sjølv om du har gjort ditt beste, kan det likevel hende at feilrapporten din ender opp som «Duplicate», altså kopi av ein annan rapport. Fortvil ikkje. Dette skjer svært ofte også for forfsattaren av desse hjelpsidene. Og han arbeider med Bugzilla nesten kvar dag.

[Tips] Tips

Dersom nettlesaren du bruker er sett opp slik at JavaScript er tilgjengeleg, kan du finne lenka Give me some help. Klikkar du på denne, vil sida bli lasta på nytt og når du set musepeikaren over eit innskrivingsområde, vil det kome opp eit lite vindauge med litt hjelpetekst.