GIMP 2.8 er eit nytt og viktig framsteg. Sett frå utviklarane si side kanskje større enn overgangen til 2.6. Ei av dei største forandringane er nok endringa i brukargrensesnittet slik at det nå er råd å bruke enkeltvindauge-modus. Noko som lenge har vore etterlyst av mange. Også utviklinga av GEGL-biblioteket har tatt eit stort steg framover og dekker nå 90 % av GIMP-kjernen. Det er også lagt til eit kraftig transformeringsverktøy og høve til å gruppere lag. Endeleg er det også lagt til fleire forval, nye penslar, forbetra tekstverktøy og ein del andre funksjonar.
Brukargrensesnitt
Med denne nye funksjonen er det nå mogleg å arbeide med alle GIMP-dialogane innføre eit stort vindauge, til vanleg med biletet i midten. Ingen fleire flytande panel og verktøyboksar. Du kan slå av og på denne modusen når som helst. Den siste innstillinga blir hugsa slik at programmet neste gong blir opna i den siste modusen du valde.
Lagra og Lagra som arbeider nå bare med XCF-formatet. Ønskjer du å lagra eit bilete i eit anna format som t.d. jpg eller png, må du eksportere biletet. Dette forbetrar arbeidsgangen og gjer det enklare å halde styr på bileta.
I den nye enkeltvindauge-modus er det lagt inn ei nyttig biletlinje der du kan bytte mellom dei opne bileta ved å klikke på ein miniatyr av biletet.
GIMP vil gjere brukarane av høgoppløysingsskjermar lukkelege. Det er nå råd å arrangere vindauga over kvarandre, i faner eller i kolonner etter eige ønskje.
Penslar, fargeovergangar, mønsterelement og palettar kan nå grupperast og bli leita opp ved hjelp av taggar. Taggane er tekstmerkelappar som brukaren kan setje på ulike funksjonane slik at det er lett å finne igjen ved hjelp av tekstboksar. Taggane kan bli tilordna manuelt i den same tekstboksen som blir brukt for søking, men dei kan også bli tilordna automatisk ved å bruke mappenamnet til dei importerte elementa.
Skjermelementet som blir brukt for å skrive inn storleikar som høgde, breidde og x-y koordinata er forbetra. For eksempel i skaleringsvindauget kan du nå skrive «50%» for breidda for å skalere breidda 50%. Det er også råd å bruke matematiske uttrykk som «30in + 40px» og «4 * 5.4in».
Den nye Lås pikslar-funksjonen i lagdialogen kan vere nyttig for å hindre uønskte endringar når du arbeider med mange lag.
Det er nå råd å bytte mellom bileta i både enkeltvindauge- og multivindauge-modus ved hjelp av snarvegane Ctrel + Page up/down eller AltTaltast.
Du kan nå bruke F2 for å gi elementa i ei liste nytt namn.
Du kan nå bruke Alt + Click på laga i lagdialogen for opprette eit utval frå laget. Også endringstastane Click, Shift og Ctrl + Shift verkar. Dette gjer det enklare å legge til nytt innhald i eit lag basert på andre lag utan å gå omvegar.
Sidan tastesnarvegane Ctrl + E og Ctrl + Shift + E er omdefinerte til bruk ved bileteksport, er det sett opp nye snarvegar for Tilpass vindauget, Ctrl + J, og Tilpass til vindauget, Ctrl + Shift + J.
Lagt til menyvalet
→ som gjer det same som «Tab» gjer men i tillegg viser status som nå held fram gjennom øktene.Lagmodus er nå omforma i meire logiske og brukbare grupper basert på effekten dei har på samansetjinga av laga. Såleis vil alle laga som gjer biletet lysare bli samla i ei gruppe og lagmodus som gjer samansetjinga mørkare i ei anna gruppe osv.
I multivindauge-modus kan du nå lukke verktøyskrinet utan at GIMP blir lukka.
Kan nå knytte vilkårlege hendingar til ekstra museknappar.
Det er nå råd å velje språk for programmet frå brukarinnstillingane.
Verktøy, filter og programtillegg
Med dette nye verktøyet er det råd å endre forma på eit utval ved å flytte kontrollpunkta i ei vektorramme. Dette er eit resultat frå ein av våre «Google Summer of Code 2010 students».
Tekstverktøyet er forbetra slik at det nå er råd å skrive teksten direkte inn i biletet der han skal vere og å endre attributta for kvar enkelt bokstav.
Det er nå råd å gruppere lag og handtere dei som ei eining. Du kan såleis slå visinga av laggruppa av og på eller flytte heile grupper i lagdialogen. Det er enkelt å legge til eller trekke frå eksisterande lag til eller frå ei laggruppe og å opprette eller slette eit lag i gruppa. Du kan faktisk også opprette nøsta grupper, altså legge ei gruppe inn i ei anna gruppe. Endeleg er det også mogleg å legge lagmodus til ei heil gruppe på same måten som det blir gjort for eit enkelt lag. Alle desse eigenskapane gjer det enklare å handtere bilete med mange lag.
Du kan nå rotere penslane som du vil direkte frå innstillinga «Vinkel».
Det er nå råd å forandre den førehandsvalde fargen for snarmaska.
HTV-modus (å skrive frå høgre til venstre) er forbetra i tekstverktøyet.
Det er nå råd å velje språk i tekstverktøyet. Dette kan vere til hjelp når ein skal velje skrifttype eller skriftbilete som passar det valde språket.
Beskjeringsverktøyet har fått diagonale hjelpelinjer
Lagt til «femdeling» som hjelpelinjer i beskjeringsverktøyet og noen andre verktøy.
Cairo-basert PDF-eksport. Denne er nokså enkel, men lagrer tekst i ei PDF-fil og prøver å konvertere alle einsfarga flater til vektorobjekt.
Penseldynamikken er forbetra.
Lagt til programtillegg for å laste inn JPEG2000 bilete.
Lagt til programtillegg for X11-muesemarkør og støtte for eksport.
Lagt til støtte for OpenRaster (.ora) import og eksport.
Lagt til støtte for RGB565 i programtillegget csource.
Lagt til ein ny kommando i «Hent inn» for å laste ei nettside direkte inn i GIMP ved hjelp av «Webkit».
Under panseret
Portinga av GIMP-kjernen mot den nye høg-bit-djupna og ikkje-destruktiv GEGL-redigeringsbiblioteket [GEGL] har gjort eit stort hopp, og nå er meir enn 90 % fullført.
I tillegg til å køyre fargeoperasjonar via GEGL, er det lagt inn noen eksperimentelle GEGL-verktøy i verktøymenyen. Desse kan brukast til ulike GEGL-operasjonar der resultatet blir vist direkte på skjermen. Skjermbiletet nedanfor syner dette for gaussisk sløring.
Prosessen med å porte all verktøyverksemda på lerretet til [CAIRO], som byrja i versjon 2.6, er nå ferdig. Dette forbetrar utglattinga av grafikken og utsjånaden på dei ferdige resultata. Dei fleste programtillegga er også oppdaterte til Cairo. Alle verktøya bruker nå ein framdriftsindikator på lerretet i staden for på statuslinja.
Forskjellig
GIMP-lisensen er endra til (L)GPLv3+.
Mange av GIMPs API-ar er ombygde for å gjere det enklare å utvikle nye skript. (API: grensesnitt mellom programma).
For å gjere det enklare å lage skript, er det også gjort ein del endringar i API for å kunne bruke laggrupper.
For å omforme dei gamle førehandsinnstillingane for verktøya til det nye formatet, kan du bruke Python-skriptet som kan lastast ned frå GIMP si wiki-side. Det er likevel ikkje råd å få fullt samsvar. Såleis kan penselskaleringa frå 2.6 ikkje konverterast til penselstorleikar i 2.8.
Å arbeide med grafikkbrett kan til tider vere problematisk p.g.a. GTK+2-biblioteket som er brukt. Prøv i tilfelle verson 2.6 eller vent på versjon 3.0 som vil få full støtte for GTK+3.