Kapittel 1. Innleiing

Innhald

1. Velkommen til GIMP
1.1. Utviklarane
1.2. Hjelpsystemet i GIMP
1.3. Eigenskapar og bruksområde
2. Kva er nytt i Gimp 2.8?

1. Velkommen til GIMP

GIMP er eit biletredigeringsprogram som kan brukast på mange plattformer. Namnet GIMP står for «GNU Image Manipulation Program». Altså eit biletbehandlingsprogram som følgjer GNU-reglane for fri distribusjon. GIMP kan nyttast til det aller meste innan biletbehandling, frå å retusjera foto til å lage eigne teikningar.

GIMP har mange ulike eigenskapar, og kan nyttast som eit enkelt teikneprogram, som avansert program for å handtere fotografi, lage biletsamlingar for Internett, tilpasse bilete for masseproduksjon, endre biletformat, og mykje meir.

GIMP kan lett utvidast med programtillegg («plug-ins») og andre utvidingar du måtte ha behov for. Du kan også lage eigne skript ved hjelp av det innebygde skriptprogrammet. Desse skripta kan du bruke for å gjere alt, frå heilt enkle til svært kompliserte oppgåver.

Ein av dei verkeleg store fordelane med GIMP, er at det er fritt tilgjengeleg frå mange stader og for mange operativsystem. Dei fleste distribusjonane av GNU/Linux har GIMP med som standard. GIMP er også tilgjengeleg for andre operativsystem som t.d. Microsoft Windows™ og Apple's Mac OS X™ (Darwin). GIMP er eit gratisprogram under «General Public License» (GPL) [GPL] som gir brukarane fri tilgang til kjeldekodene for dataprogramma, og løyve til å gjere endringar i desse.

1.1. Utviklarane

Den første utgåva av GIMP blei skriven av Peter Mattis og Spencer Kimball. Etter kvart kom det til fleire, og i dag er det tusenvis som driv med utvikling, støtte og testing. GIMP-teamet, som styrer dette arbeidet, blir for tida leia av Sven Neumann og Mitch Natterer.

1.2. Hjelpsystemet i GIMP

«GIMP Documentation Team» og ein del andre har laga dokumentasjonen som er nødvendig for at du skal kunne bruke GIMP. Det viktigaste resultatet av dette arbeidet er denne brukarhandboka. Du kan finne den nyaste, frigitte utgåva av handboka i html-format på nettsida [GIMP-DOCS] til dokumentasjonsteamet. Handboka kan også brukast som menyhjelp dersom du installerer ho slik. Du kan då få hjelp medan du arbeider med GIMP ved å trykka på F1. Treng du hjelp til spesielle delar av menyen, kan du trykke F1 medan du held musepeikaren over aktuelt emne. Vil du reise vidare inn i GIMP, er det berre å lese vidare i handboka.

1.3. Eigenskapar og bruksområde

Her er ei kort liste over noen av dei viktigaste eigenskapane til GIMP og kva programmet kan brukast til:

  • Ei stor samling av teiknereiskap, inkludert pensel, blyant, luftpensel, kloning osv.

  • Blokkbasert minnehandtering som gjer at storleiken på biletet berre er avgrensa av tilgjengeleg diskplass.

  • Interpolerte overgangar for alle verktøya gir høgkvalitets kantutjamning ved å minimalisere «trappestega» i overgangane.

  • Fullt utbygd alfa-kanal for å bestemme gjennomsikt.

  • Lag og kanalar

  • Ein database over interne GIMP-funksjonar slik at du kan kalle desse opp frå eksterne program som t.d. Script-Fu.

  • Høve til å utvikla eigne skript.

  • Angre-/gjenta-funksjonane er berre avgrensa av diskplassen.

  • Transformeringsverktøy, inklusive rotering, skalering, beskjering og spegelvending.

  • Kan arbeide med mange filformat, som t.d. GIF, JPEG, PNG, XPM, TIFF, TGA, MPEG, PS, PDF, PCX, BMP og mange andre

  • Mange utvalsverktøy som rektangelutval, ellipseutval, frihandsutval, tryllestav, vel etter farge og intelligent saks.

  • Bruken av programtillegg gjer det lett å leggje til m.a. nye filformat og nye effektfilter.