7.5. Dupliser laget

Kommandoen Dupliser laget lager ein nesten identisk kopi av det aktive laget og legg kopien like over laget han blei kopiert frå. Kopien får same namnet som det aktive laget, med eit «Kopi av» framføre.

Dersom du dupliserer bakgrunnslaget, som normalt ikkje har alfakanal, vil det bli lagt ein alfakanal til kopien. Dersom det gjeldande laget inneheld parasittar vil desse ikkje bli kopierte.

7.5.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagDupliser laget eller frå menyen som dukkar opp når du høgreklikkar i lagdialogen.

  • I tillegg har du tilgang frå lagdialogen ved å velje Dupliser på lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar, eller klikke på knappen Duplicate Layer nedst i dialogvindauget.