7. Lagmenyen

7.1. Innleiing til «lag»-menyen

Figur 16.88. Innhaldet i menyen «Lag»

Innhaldet i menyen «Lag»

Dei ulike vala du har i Lagmenyen blir brukte når du arbeider på biletlaga. I tillegg til at du har tilgang til denne menyen frå biletmenyen, kan du få han fram ved å høgreklikke i biletet eller på miniatyren av laget i lagdialogen. Fleire av vala i denne menyen kan du også få fram ved å klikke på ulike knappar i lagdialogen. Dette gjeld for eksempel å endre storleik på laget, flette saman lag eller å forandre gjennomsikt for laget.

I tillegg til å opna lagmenyen frå biletmenyen eller ved å høgreklikke på biletvindauget, kan du også opna han ved å høgreklikke på miniatyren av laget i lagdialogen. Fleire av operasjonane i denne menyen, t.d. å endre storleiken på laget, arbeide med gjennomsikt eller å flette lag, kan også opnast ved å trykke på knappane i lagdialogen.

Figur 16.89. Innhaldet i lokalmenyen «Lag»

Innhaldet i lokalmenyen «Lag»

[Notat] Notat

Kan hende finn du andre punkt på denne menyen enn dei som blir omtalte her. Desse er ikkje ein del av GIMP, men er lagt inn av programtillegg (plug-ins) du, eller andre, har installert. Du kan finne nærare informasjonar om desse funksjonane i dokumentasjonen til programtillegget.