Kommandoen Legg til i utvalet omformar lagmaska i det aktive laget til eit utval og adderer dette til det eksisterande utvalet. Kvite område i lagmaska blir til utvalde og svarte område til ikkje utvalde område. Gråtoner i maska blir til delvis utvalde område. Lagmaska blir ikkje forandra.
7.29.1. Aktivering
Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via Lag → Maske → Legg til utval
7.29.2. Eksempel på bruk av «Legg til i utvalet»
Figur 16.97. Eksempel på bruk av «Legg til i utvalet»
Til venstre ser du originalbiletet med eit utval. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med initieringskommandoen «Alfakanalen til laget», og til høgre etter å ha lagt lagmaske til utvalet.