5.5. Lagra fil

Kommandoen Lagra lagrar biletet til harddisken. Frå og med GIMP-2.8 vil biletet bli lagra bare i XCF-format. Dersom du prøver å lagra i andre format, vil du få ei feilmelding:

Frå og med GIMP-2.8.8 inneheld feilmeldingsvindauget ei lenke til eksportvindauget. Sjå Del 1.1, “Lagra og eksportere bilete”.

Dersom biletet er lagra frå før, vil dette biletet bli overskrive med den nye versjonen. Dersom biletet ikkje er lagra tidlegare, vil kommandoen Lagra opne dialogvindauget for å lagra biletet.

Dersom du avslutter utan å ha lagra biletet vil GIMP spørje deg om du verkeleg meiner å gjere slik dersom valet «Bekreft lukking av ulagra bilete» er avkryssa i fana Omgivnader i brukarinnstillingane.

Figur 15.77. Lagra biletdialogen

Lagra biletdialogen

5.5.1. Aktiver dialogen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilLagra,

  • eller med snarvegen Ctrl + S

  • Bruk Ctrl + Shift + S for å lagra biletet med eit anna namn.

5.5.2. Dialogvindauget for lagring

Med denne filutforskaren kan du redigere filnamn direkte i namneboksen (førehandsinnstillinga er «Utan namn.xcf»), eller ved å velje eit filnamn frå namnelista. Hugs at det bare er lov å bruke filutvidinga XCF. Du må også bestemme frå Lagra i mappe kva mappe biletet skal lagrast i eller opprette ei ny mappe.

Vel filtype. Dersom du vel dette, kan du velje eit komprimert format for XCF-fila: