Kommandoen blir brukt for å lage mjuke overgangar rundt utvalet. Til vanleg bruker ein innstillinga «Mjuke kantar» i verktøykassa for dette, men det er ingenting i vegen for å gjere operasjonen ein gong til med denne kommandoen.
Du får tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via →
4.9.2. Beskriving av dialogvindauget for «Mjuke kantar»
-
Mjuke kantar
-
Skriv inn breidda på den mjuke kanten. Normalt blir denne oppgitt i pikslar, men du kan endre måleeining i nedtrekksmenyen.