4.10. Gjer skarpare

Kommandoen Gjer skarpare tar bort diffuse område rundt kantane av utvalet, og også alle andre former for kantutjamning. Det er det motsette av kommandoen Mjuke kantar. Den nye kanten følgjer prikkelinja rundt ramma.

[Notat] Notat

Dette er noe heilt anna enn filteret gjer skarpare.

4.10.1. Aktivering

Du får tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via UtvalGjer skarpare