3.6. Tagging

I menyane for penslar, fargeovergangar, mønsterelement og palettane og i noen innlimingsdialogar, kan du definere taggar og reorganisere dei i høve til den valde taggen.

Det er to innskrivingsfelt:

Figur 15.59. Tagging

Tagging


Figur 15.60. Eksempel

Eksempel

I dette eksempelet har vi definert ein «green» tagg for penslane Vine og Pepper. Når vi deretter skriv inn «green» i innskrivingsfeltet Filter, vil bare penslar med denne taggen bli viste.


[Tips] Tips

For å gi fleire penslar den same fanen samstundes, vis penslane i listemodus og bruk Ctrl + Venstre  museknapp på dei penslane du vil ha med.

Du kan slette ein tagg ved å markere ein pensel og deretter markere den aktuelle taggen i «Skriv inn»-feltet og trykke tastenDelete. Når den valde taggen er fjerna frå alle penslane, vil han også bli fjerna frå lista.