2.7. Intelligent saks

Figur 14.28. Symbolet for verktøyet «saks» i verktøykassa

Symbolet for verktøyet «saks» i verktøykassa

«Den intelligente saksa» er eit interessant stykke verktøy. Ho kan likna litt på «lassoen», men har også ein del av eigenskapane til baneverktøyet, i tillegg til nokre som er spesielle for dette verktøyet. Saksa er særleg nyttig for å velje ut område som er avgrensa med sterke fargekontrastar. Når du bruker saksa, klikkar du av for eit sett med «kontrollpunkt» rundt kanten av det området du ønskjer å velje ut. Saksa vil setje opp ei kurve som går gjennom desse kontrollpunkta. Mellom desse punkta vil kurva følgje mest mogleg dei fargekantane som måtte finnast. Dersom du er heldig, vil dette også vere konturen av det området du ønskjer å markera.

Diverre ser det ut til at verktøyet har problem med å følgje kantane slik som tiltenkt, noko som fører til at utvalet kan bli nokså grovt til sine tider. Skulle dette skje, kan du rette opp dette ved hjelp av snarmaska og teikne over problemområda med eit teikneverktøy. Som oftast vil baneverktøyet vere betre eigna enn saksa til denne typen arbeid. Baneverktøyet har ikkje evne til å følgje kantar, men banane kan endrast når du måtte ønskje, og blir ståande til du fjernar dei.

2.7.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaSaksl,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykke på tasten I.

2.7.2. Valtastar

Normalinnstillingane for tastane Shift, Ctrl og Alt er omtalet i Del 2.1.1, “Valtastane (normalinnstillinga)” for alle utvalsverktøya.

Ein av valtastane har likevel ein noko spesiell funksjon dersom du brukar han medan du redigerer eit utval etter at du har lagt til den første noden:

Shift

Saksa er normalt sett opp slik at når du klikkar med musepeikaren vil saksa plassere det nye kontrollpunktet der fargeskiftinga er maksimal.

Held du nede denne tasten, vil denne funksjonen bli kopla ut. Kontrollnoden blir plassert der musepeikaren er når du klikkar.

2.7.3. Å bruke verktøyet

Figur 14.29. Bruk av saksa

Bruk av saksa

Kvar gong du venstreklikkar med museknappen, set du av eit kontrollpunkt. Dette blir bunde til det førre kontrollpunktet med ei kurve som prøver å følgje fargeskilnadane i biletet. For å avslutta, klikkar du på det første punktet. (Markøren endrar utsjånad for å vise at du har funne det første punktet). Du kan justera kurva ved å dra i kontrollpunkta, eller setja inn nye punkt. Når resultatet er slik du vil ha det, klikkar du ein eller annan stad innføre området for å lage kurvene om til eit utval.

Som sagt tidlegare, lager du markeringa ved å klikke inn punkt på høvelege stader. Desse punkta bestemmer omrisset for markeringa. Med unnatak for det første og det siste punktet, kan du flytte punkta ved å dra og sleppe dei der du måtte ønskje. Markeringa blir lukka ved å klikke det siste punktet over det første. Når markeringa blir lukka, vil markøren skifte utsjånad for å vise kor han er i høve til markeringa. Er han innføre, vil han sjå slik ut: . Er han på omrisset av markeringa, blir han sjåande slik ut: og dersom han er på utsida av markeringa, slik: . Du kan finjustere markeringa ved å opprette nye kontrollpunkt ved å klikke på omrisset av markeringa eller ved å flytte eksisterande punkt. Når alt er som det skal vere, klikkar du på innsida av markeringa for å gjere ho om til eit utval.

Det er berre råd å lage eitt utval på denne måten. Prøver du å lage ei ny markering, vil det første utvalet forsvinne når du omformar den nye markeringa til eit utval.

[Åtvaring] Åtvaring

Ikkje klikk innføre området før du er sikker på at markeringa er slik du vil ha ho. Angreloggen registrerer ikkje kvart enkelt klikk. Klikkar du på «angre», blir du ført tilbake til biletet slik det var før du byrja å bruke saksa, og du må begynne heilt frå nytt igjen. Klikkar du deg over til eit anna verktøy, vil også alle punkta du har prikka inn forsvinne. Du kan likevel omforma markeringa til ein bane og arbeida vidare på denne med baneverktøyet.

Korleis du kan flytte dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytte utval. (Du kan flytte omrisset for utvalet med piltastane, men ikkje med musepeikaren).

2.7.4. Innstillingar

Figur 14.30. Verktøyinnstillingane for «saksa»

Verktøyinnstillingane for «saksa»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, kantutjamning og mjuke kantar
[Notat] Notat

Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Del 2.1.2, “Innstillingar”. Berre innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Vis interaktiv grense

Dersom du har aktivert dette valet, vil GIMP vise ruta som grensemarkeringa vil ta frå det førre markeringspunktet og til det nye. Dersom dette valet ikkje er aktivert, vil GIMP vise ei rett linje frå det førre markeringspunktet og til det nye. Først når du slepp museknappen vil den valde grensa bli markert. Dersom du har ein treg maskin og store avstandar mellom kontrollpunkta, kan det vere litt hjelp i å ikkje aktivisere dette valet.