Kanaldialogen er staden du bruker for å utføre arbeid direkte på kanalane, både å redigere og gjere andre endringar. Kanalane blir brukte på to måtar. Det er difor dialogen er delt i to. Den første delen er for fargekanalar og den andre for utvalsmasker.
Fargekanalane høyrer til heile biletet og ikkje til eit bestemt lag. I utgangspunktet er det nødvendig med tre primærfargar for å lage alle dei naturlege fargane. Som andre digitale biletprogram, bruker også GIMP raud, grøn og blå som primærfargane. Primærkanalane viser pikselverdiane for Raud, Grøn og Blå som ein miniatyr av kanalen. Kvit syner område med 100 % og svart område med 0 % dekninga av primærfargen. Dersom biletet er i gråskala, er det bare ein valfri kanal, den såkalla alfakanalen. Denne kanalen viser gjennomsikt for kvar piksel i biletet i form av gråtoner. Framføre denne kanalen er det ein miniatyr som viser gjennomsikt som gråtoner. Kvit representerer ein ugjennomsiktig og altså synleg piksel, medan svart representerer ein gjennomsiktig, og altså usynleg piksel. Har du laga biletet utan gjennomsikt, altså utan alfakanal, vil denne sjølvsagt heller ikkje bli vist i dialogen. Skulle du ha ønskje om å legge til ein alfakanal seinare, kan dette gjerast frå menyen for Lagdialogen. Dersom du har meir enn eitt lag i biletet, vil GIMP opprette ein alfakanal automatisk.
Notat | |
---|---|
GIMP har ikkje støtte for fargemodellane CMYK og YUV |
Biletet heilt til høgre er sett saman av dei fire kanalane, raud, grøn, blå og alfa. Sjakkbrettmønsteret viser gjennomsiktige område. Sidan kvit farge i den brukte fargemodellen er sett saman av alle primærfagane, vil kvit vere kvitfarga (100 %) i alle kanalane. Svart er mangel på farge, og vil difor visast som svart (0 %) i alle kanalane. Den raude hatten er synleg i raudkanalen, men ikkje i dei andre. Dette gjeld for alle reine grøne eller blå fargar også. Dei er bare synlege i respektive kanalar.
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.
Du har tilgang til dialogvindauget
frå biletmenyen via
→ →eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje
→Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: → .
finne ei liste overDen øvre delen av dialogvindauget inneheld fargekanalane og eventuelt alfakanalen. Dei er alltid sett opp på same måten og kan ikkje fjernast. Under desse finn du eventuelle utvalsmasker. Kvar kanal blir vist i lista som ein miniatyr. Du kan høgreklikka på denne miniatyren for å få fram kanalmenyen.
Kvar kanal blir vist i lista saman med attributta for kanalen. Dette er nokså likt det som er brukt for lagattributta:
I utgangspunktet er alle kanalane, og såleis også alle fargane, synlege. Dette blir vist med eit augesymbol. Klikk på symbolet for å slå av maska, eller på den tomme plassen for å slå maska på.
Kanalane som representerer utvalsmasker, dvs. dei kanalane som blir vist i nedre del av dialogvindauget, kan grupparast ved å klikke på kjedesymbola framføre kanalane. Operasjonar på ein av kanalane vil påverka alle dei kanalane som er kjeda saman.
Også primærkanalane, dvs. dargekanalane og evt. alfakanalen øvst i dialogvindauget, kan lenkast saman. Normalt er desse kanalane markerte som utvalde. Dette blir vist ved at namnet er utheva. Operasjonar utført på ein av kanalane blir også utført på dei samanlenka kanalane. Du kan markere ein av kanalane ved å klikke på han. Operasjonar som t.d. innfarging vil då bli utført bare på den utvalde kanalen.
Effekten av kanalen blir vist på ei lita førehandsvising. For utvalsmaskene kan du forstørra visinga ved å klikke og halde nede museknappen på miniatyren.
Namnet på banen må vere unikt. Dersom du gir banen eit namn som er i bruk frå før, vil det bli lagt til eit tal, t.d. «#1» for å gjere det eineståande. Du kan ikkje endre namna på primærkanalane Raud, grøn, blå og alfa.
Obs | |
---|---|
Aktive kanalar blir markerte i dialogen med ein eller annan farge, ofte blå eller grøn. Klikkar du på kanalen, kan du slå aktiveringa av eller på. Dersom du slår av ein av fargekanalane, kan dette få uventa konsekvensar. Dersom du t.d. slår av blåkanalen, vil alle pikslane som blir teikna på biletet mangla blåfarge. Ein kvit piksel vil såleis bli gul, som er komplimentærfargen til blå. |
Under kanallista finn du eit sett med knappar som kan brukast til ulike operasjonar på lista.
er bare tilgjengeleg for utvalsmasker, og blir brukt for å gi kanalen eit nytt kanalnamn. Dei to andre kontrollane påverkar korleis kanalen blir vist i vindauget. Den eine er Dekkevne og den andre opnar fargeveljaren slik at du kan endra maskefargen. Trykk på fargeknappen for å få fram GIMP sin fargeveljar for å forandre maskefargen.
blir brukt for å oppretta ein ny kanal. Frå dialogvindauget kan du bestemme Dekkevne og maskefargen. (Bruker du knappen i kanalmenyen, kan du opprette kanalen med dei sist brukte innstillingane ved å halde inne Shift-tasten når du klikkar). Den nye kanalen er ei kanalmaske (ei utvalsmaske) som blir lagt over biletet. Sjå Selection Mask.
er bare tilgjengeleg for utvalsmasker, og blir brukt for å løfta kanalen eitt hakk oppover, eller til topps om du held nede Shift-tasten samstundes.
er bare tilgjengeleg for utvalsmasker, og blir brukt for å senke kanalen eitt hakk nedover, eller til botnen om du held nede Shift-tasten samstundes.
blir brukt for å lage ein kopi av kanalen. Kopien får same namnet som originalen med «Kopi av» framføre.
Tips | |
---|---|
Du kan også kopiere ein fargekanal eller alfakanalen. Denne kopien kan du så bruke som eit utval i biletet. |
blir brukt til å omforma kanalen til eit utval. Normalt vil det nye utvalet erstatta det eksisterande, men dette kan du forandra på ved hjelp av kontrolltastane.
Fjernar kanalen frå lista. Denne er bare tilgjengeleg for utvalsmasker.
Du kan få fram denne menyen ved å høgreklikka i kanaldialogen. Denne menyen gir deg stort sett dei same vala som er tilgjengelege frå knappane i dialogvindauget. Einaste er at kvar av dei ulike måtane for omformingane til utval har si eige oppføring i menyen.
Sjå kanalhandtering.
Utval oppretta frå ein kanal vil erstatte eventuelle andre utval i biletet.
Utval oppretta frå ein kanal blir lagt til eventuelle andre utval i biletet. Resultatet blir ei samanfletting av begge.
Den aktive kanalen blir omforma til eit utval som blir trekt i frå eventuelle eksisterande utval i biletet.
Resultatet blir eit utval som er sett saman av det som er felles for utvalet oppretta frå kanalen og eksisterande utval.
Du kan bruke kanalar for å lagre og henta fram igjen utval. I kanaldialogen kan du sjå ein miniatyr som viser utvalet. Utvalsmaskene er ein metode for lage utvalet om til ein gråskalakanal der kvite punkt er utvalde og svarte punkt ikkje er utvalde. Grå punkt er delvis utvalde. Du kan sjå på desse som ein mjuk overgang frå utvalde til ikkje utvalde område. Dette er viktig for å unngå den stygge «pikseleringseffekten» (hakkete overgangar) som kan oppstå når du fyller utvalet med farge eller bruker viskeleret på utvalet.
Utvalsmaska kan aktiverast på fleire måtar.
Frå biletmenyen via
→ dersom det finst eit aktivt utval i biletet.I biletvindauget vil knappen nede til venstre opprette ei lagmaske tilsvarande det aktive utvalet.
Frå kanaldialogen når du trykker på knappen
eller frå lokalmenyen. Når utvalsmaska er oppretta, vil ho bli synleg i kanaldialogen med namnet «Ny kanal», eventuelt med eit tal dersom det er fleire kopiar. Du kan endre namnet ved å høgreklikke på kanalen.Når kanalen er oppretta, utvald (utheva i dialogen), synleg (vist med augeikonet) og blir vist slik du ønskjer det ut frå eigenskapane du har sett i dialogvindauget, kan du endeleg byrja å arbeida på kanalen med teikneverktøya. Du bør bruke gråtoner og kvit eller svart. Bruker du andre fargar, vil fargeverdien bli brukt for å definera ein gråverdi. Dette blir ikkje alltid slik du trur det skal bli. Når maska er ferdig, kan du omforma ho til eit utval med knappen i kanaldialogen (kanal til utval) eller frå lokalmenyen.
Du kan arbeide på utvalsmaska med andre verktøy enn teikneverktøya. For eksempel kan du bruke utvalsverktøya for å fylle eit område av maska med fargeovergangar eller mønsterelement. Det er såleis mogleg å komponera svært komplekse utval ved å kombinera ulike utvalsmasker.
Obs | |
---|---|
Så lenge utvalsmaska er aktiv, arbeider du på denne og ikkje på biletet. Skal du arbeide på biletet, må du deaktivere alle utvalsmaskene. Gløym heller ikkje å skjule maskene ved å klikke på augeikonet. Det er også ein god ide å kontrollera at alle RGB- og alfakanalane er aktiverte og blir viste i biletet. |
Ei Snarmaske er ei utvalsmaske tenkt brukt temporært for å teikne på eit utval. Med temporært meiner ein her at, ulikt vanlege utvalsmasker, blir snarmaska ikkje lagra i lista etter at ho er omforma til eit utval. Når du arbeider med svært komplekse bilete, kan det hende at utvalsverktøya møter grensene sine. I slike høve er snarmaska god å ty til, ofte med svært godt resultat.
Snarmaska kan hentast fram på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ved å klikke på den vesle knappen nede i venstre hjørne av biletvindauget, som vist på skjermbiletet
eller med tastesnarvegen Shift + Q.
For å setje opp Snarmaske klikkar du på knappen nede til venstre i biletvindauget. Dersom det finst eit aktivt utval i biletet, vil dette vere uforandra, men alt rundt vil bli dekka av ein raud, gjennomsiktig film. Dersom biletet ikkje har noe utval, vil heile biletet bli dekka med filmen. Klikk ein gong til på knappen for å slå av snarmaska.
Frå kanaldialogen kan du klikke på namnet eller på miniatyren for å redigere innstillingane for Snarmaske. Du kan endre Dekkevne og filmfargen. Du kan når som helst gøyme maska ved å klikke på symbolet framføre Snarmaske.
Maska bruker gråtoner, så du må bruke kvitt eller grått for å minske området eller svart for å gjere området større. Område som er teikna med mørk eller lys grå vil bli omformingsområda for mjuke kantar i utvalet. Når maska er ferdig, klikk ein gong til på knappen nede til venstre i biletet for å fjerne snarmaska frå kanallista og gjere ho om til eit utval.
Føremålet med snarmaska er å kunne bruke teikneverktøya for å markere utval og overgangar utan å bry seg med utvalsmaska. Snarmaska er ein god måte å isolere eit objekt i eit bilete fordi når utvalet er gjort, kan du bare fjerne innhaldet, eventuelt etter å ha invertert maska dersom objektet er inne i markeringa.
Beskriving
Biletvindauget med aktivert snarmaske. Alle operasjonar blir gjort på snarmaska. Snarmaska er fylt med ein fargeovergang frå svart (venstre) til kvit (høgre).
Snarmaska er nå kopla ifrå og det er blitt laga eit utval frå den snarmaska som var fylt med fargeovergangen. Du kan sjå skiljet mellom meir og mindre enn 50 % dekkevne for utvalet midt i biletet.
Det blir nå påført eit strøk i det tilgjengeleg utvalet. Underleg! Sjølv om fargeovergamgen ikkje er synleg, er han nå aktiv over heile biletet, både i markerte og umarkerte område!
Etter at du har trykt på knappen for snarmaske blir det laga ein mellombels 8-bits (0 - 255) kanal der fargeovergangen blir lagra. Dersom det finst eit utval i biletet når maska blir laga, vil maska hente data frå dette utvalet. Når snarmaska blir aktivert, vil dei områda som ikkje er utvalde bli markerte med ei raud, halvgjennomsiktig hinne. Du kan bruke alle teikneverktøya for å lage utval på snarmaska. Sidan snarmaska bare blir påverka av gråtoner, er det enklast å teikne med ulike gråtoner for å lage ulike grader av utveljing. Bruk kvit farge der du kan kome til å legge inn andre grader av utveljing seinare. Utvalet blir gjeldande så snart du slår av snarmaska, men den mellombels kanalen forsvinn for alltid.
Tips | |
---|---|
Dersom du ønskjer å lagra utvalet, kan du bruke → i biletmenyen. |
Aktiver snarmaska ved å trykke på knappen i biletvindauget. Dersom det finst eit utval i biletet, vil maska bli laga med data frå denne.
Vel eit teikneverktøy og bruk dette med gråtoner på snarmaska.
Deaktiver snarmaska med knappen i biletvindauget.