Tekstverktøyet legg tekst inn i eit bilete. Frå og med GIMP 2.8 blir teksten skrive direkte på lerretet. Det er ikkje nødvendig å bruke tekstbehandlar, men du kan få han fram ved å merke av for bruk tekstbehandlaren i verktøyinnstillingane. Det er lagt inn ei verktøylinje med ein del innstillingar for teksten, men du kan også bruke innstillingane for tekstverktøyet under verktøykassa. Ved hjelp av denne verktøylinja kan du velje skrifttype,
Når du skriv inn teksten, vil han bli syleg på lerretet i ein firkanta boks. Dersom du lager boksen først, vil teksten automatisk bli tilpassa i boksen. Du kan forstørre boksen på same måten som du gjer det med rektangelutvalet.
Dette kapitlet omhandlar verktøyinnstillingane. Korleis du brukar tekstverktøyet er omtalt i text management.
Du kan hente fram dette verktøyet anten
frå biletmenyen via
→ ,ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa
eller med tastatursnarvegen T.
Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Klikk på knappen
for å opna lista over tilgjengelege skrifttypar («X-fonts») for dette verktøyet.Nedst i vindauget for å velje skrifttype finn du nokre symbol som er knappar for å
endre storleiken på visinga av skrifttypen
velje mellom utlisting på listeform eller tabellform,
opna dialogvindauget for skrifttypar.
Vel ein skrifttype frå dei tilgjengelege skrifttypane. Den valde skrifttypen blir automatisk brukt i teksten.
Tips | |
---|---|
Du kan bruke rullehjulet på peikeutstyret, som oftast musehjulet, for å bytte skrifttype brukt i teksten ved å flytte peikaren til knappen for skrifttype og bruke hjulet for å rulle opp eller ned i lista. Ikkje klikk. |
Her bestemmer du kor stor skrifttypen skal visast, i den måleeininga du ønskjer.
Bruk GIMP sin eigen tekstbehandlar for å redigere teksten i staden for å redigere på lerretet.
Når denne er aktivert, vil teksten bli teikna med meir avrunda og mjuke kantar. Dette vil normalt forbetra det visuelle inntrykket av teksten. Unntaket kan vere dersom biletet ikkje er i RGB-format.
Bruker justeringsindeksen for å forbetra skriftbiletet på. Gjer det lettare å lese små bokstavar.
Skriftfargen er normalt sett til svart, men du kan velje andre fargar ved å trykke på denne fargeruta for å få opp fargeveljaren.
Tips | |
---|---|
Du kan også klikke og dra farge frå fargeområdet i verktøykassa over i boksen for tekstfarge. |
Trykk på desse knappane for å bestemme om teksten skal vere venstrejustert, høgrejustert, midtstilt eller blokkjustert (med rette margar).
Bestemmer kor langt frå margen den første linja skal begynne.
Her bestemmer du linjeavstanden. Innstillinga er interaktiv, dvs. resultatet blir synleg i teksten etter kvart som du forandrar innstillinga. Talet her er ikkje sjølve linjeavstanden, men kor mange pikslar du vil auke eller minske linjeavstanden med. Talet kan såleis også vere negativt.
Her bestemmer du avstanden mellom skriftteikna. Også her er talet ikkje sjølve linjeavstanden, men kor mange pikslar du vil auke eller minske avstanden med. Talet kan såleis også vere negativt.
Innstillingar for tekstboksen. Nedtrekkslista har to val:
Dynamisk: Storleiken på tekstboksen vil forandre seg etter som du skriv inn tekst. Teksten kan gå utanfor biletet. Trykk Enter-tasten for å legge til nye linjer. Innrykksinnstillinga påverker alle linjene. Dersom du forandrar storleiken på boksen manuelt, vil innstillinga bli endra til «Fast».
Fast: Du må setje storleiken på tekstboksen før du skriv. Når teksten når høgresida av boksen, vil han halde fram på ny linje. Du kan forandre storleiken på boksen for å få teksten på ei linje igjen. Vil du ha verkeleg linjeskift, må du bruke Enter-tasten. Teksten kan gå ut over biletkanten. Innrykksinnstillingane verkar berre på første linja i avsnittet.
Frå og med GIMP-2.8 er tekstbehandlaren tilgjengeleg berre dersom det er merka av for Bruk tekstbehandlaren i verktøyinnstillingane. Dette kanskje fordi ikkje alle funksjonane er overførte til direkte-på-lerretet-metoden. Vi vil her avgrense beskrivinga til kommandoane som ikkje er overførte.
Så snart du byrjar å skrive, blir det oppretta eit tekstlag i lagdialogen. Dersom du seinare ønskjer å forandra denne teksten, aktiverer du tekstlaget og får fram tekstbehandlaren ved å klikke på laget, eller dobbeltklikke dersom systemet er sett opp slik. Sjølvsagt kan du bruke dei same funksjonane på eit tekstlag som du bruker på andre biletlag.
For å legge til ein ny tekst klikkar du med tekstverktøyet på eit ikkje-tekstlag. For å skifte frå ein tekst til ein annan, aktiverer du det ønskte tekstlaget i lagdialogen og eventuelt aktivirer tekstbehandlaren ved å (dobbelt)klikke på laget.
Innstillingane for «tekstbehandlaren»
Du kan laste inn tekst frå ei tekstfil ved å klikke på mappesymbolet i tekstbehandlaren. All tekst i fila blir lasta inn.
Denne innstillinga er også i lokalmenyen for tekstverktøyet.
Dette er knappen merka «VTH» i menylinja. (Venstre Til Høgre). Gjer at teksten blir skriven frå venstre mot høgre, slik som i dei fleste vestlege språka.
Denne innstillinga er også i lokalmenyen for tekstverktøyet.
Dette er knappen merka «HTV» i menylinja. (Høgre Til Venstre). Gjer at teksten blir skriven frå høgre mot venstre, slik som i mange orientalske språk. (Skrifta øvst på knappen er arabisk).
Denne innstillinga er også i lokalmenyen for tekstverktøyet.
Normalt blir det brukt ein standard skrifttype. Dersom du ønskjer å bruke den skrifttypen du har vald i innstillingane, må du aktivere dette valet.
Notat | |
---|---|
Sjå også Del 2, “Tekst”. |