6.5. Målingar

Figur 14.186. Måleverktøyet

Måleverktøyet

Dette verktøyet blir brukt når du har behov for å finne pikselavstandar og vinklar på biletet ditt. Dersom du held nede venstre museknappen og deretter flytter markøren, kan du lesa av avstand og vinkel mellom der du klikka og der peikaren er nå. Informasjonen blir vist på statuslinja nedst i biletvindauget, eller i informasjonsvindauget.

Når du held musepeikarren over endepunktet vil peikaren vise eit flyttemerke. Klikk for å lese av målinga.

6.5.1. Statuslinja

Informasjonen blir vist på statuslinja nedst i biletvindauget:

  • Avstanden mellom startpunktet og musepeikaren målt i pikslar.

  • Vinkelen i kvar kvadrant, frå 0° til 90°.

  • Peiarkoordinata i høve til startpunktet.

6.5.2. Aktivering

  • Du kan få fram dette verktøyet ved å gå inn i biletmenyen på VerktøyMåling

  • eller ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa.

6.5.3. Valtastane (normalinnstillinga)

Shift

Hald nede Shift-tasten når du ønskjer å byrje ei ny måling frå der musepeikaren er nå, utan å fjerne den føregåande målinga. Sidan vinkelen nå blir målt frå den føregåande linja og ikkje frå horisontallinja er denne metoden nyttig for å måle vinklar i biletet. Musepeikaren vil vise «+».

Ctrl

Ved å halde nede Ctrl-tasten medan du utførar målingane, blir verktøyet avgrensa til å måle rette linjer i vinklar som er multiplar av 15º, dvs. 0º, 15º, 30º osv.

Dersom du held nede Ctrl-tasten medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei horisontal hjelpelinje gjennom klikkpunktet. Musepeikaren skifter til symbolet .

Alt

Dersom du held nede Alt-tasten medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei vertikal hjelpelinje gjennom klikkpunktet. Musepeikaren skifter til .

Ctrl+Alt

denne tastekombinasjonen og klikk på ei målelinje for å flytte målinga.

Ctrl + Alt medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei vassrett og ei loddrett hjelpelinje.

6.5.4. Innstillingar

Figur 14.187. Innstillingar

Innstillingar

Bruk infovindauget

Dette valet vil vise eit infovindauge med detaljar om målinga. Du kan også finne resultata på statuslinja.

6.5.5. Å måle overflater

Det er ikkje råd å måle flater direkte med dette verktøyet. I staden kan du prøve verktøyet histogram, som mellom anna viser kor mange pikslar det er i utvalet.