Av og til kan ein ha bruk for å skilje eit motiv ut frå bakgrunnen. Det kan vere for å lage bakgrunnen meir uklar eller einsfarga, eller å gjere bakgrunnen gjennomsiktig slik at motivet kan leggjast over andre bakgrunnar, eller av heilt andre årsaker. For å gjere dette, kan ein bruke eit eller fleire av dei mange utvalsverktøya i GIMP. I dei tilfella der forgrunnen skil seg tydeleg ut frå bakgrunnen er arbeidet nokså enkelt, men når motivet er skil seg lite ut frå bakgrunnen, kan arbeidet vere nokså vanskeleg. Her er nokre forslag til verktøy som kan brukast:
Eit av verktøya er «frihandsutvalet». Dette blir brukt til å teikne eit omriss på frihand eller for å lage rette linjer. Frihandsutvalet passar best når motivet som skal skiljast ut har ei nokså enkel form. Du finn meir om dette i Del 2.4, “Frihandsutvalet (Lassoverktøyet)”.
Også den «intelligente saksa» blir brukt til å teikne omrisset på frihand, men med saksa er det nok å merke enkelte punkt langs omrisset. Saksa reknar sjølv ut den mest sansynlege markeringskanten ut frå fargane i motivet. Dette verktøyet passar best når motivet er komplekst men med tydelege skille mellom motivet og bakgrunnen. Du finn meir om dette i Del 2.7, “Intelligent saks”.
«Forgrunnsutvalet» blir brukt for å markere kva som skal vere «forgrunn» og kva som skal vere «bakgrunn» og lager skiljet mellom desse automatisk. Sjå meire om dette i Del 2.8, “Forgrunnsutval”.
Når du endeleg har fått utvalet slik det skal vere bruker du
→ . Dette gjer at bakgrunnen blir utvald i staden for forgrunnen. Kva du gjer vidare med bakgrunnen er avhengig av kva du skal bruke han til. Eit nokså vanleg bruksområde er å gjere bakgrunnen diffus. Nedanfor er vist nokre andre eksempel.Å gjere bakgrunnen einsfarga:
Klikk på merket for forgrunnsfargen (den øvre av dei to overlappande fargefirkantane) i verktøykassa og vel ønskt farge. Bruk deretter Del 3.4, “Fyllverktøyet” for å bytte ut bakgrunnen med denne fargen.
Å gjere bakgrunnen gjennomsiktig:
For å vise gjennomsikt må biletet ha ein alfakanal. Bruk menyvalet Del for å fjerne bakgrunnen og gjere han gjennomsiktig. Ikkje alle filformata kan handtere gjennomsikt. Det sikraste er å lagra biletet i PNG-format.
→ → for å legge til ein alfakanal. Bruk deretter anten menyvalet → eller trykk tastenÅ lage farga motiv på svart/kvit bakgrunn:
Gå inn på menyvalet
→ og prøv deg fram til det beste resultatet ved å bruke dialogvindauget som dukkar opp. Trykk på OK-knappen når du er ferdig.