5.5. Å streke opp ein bane

Figur 7.12. Oppstrekte banar

Oppstrekte banar

Fire ulike banar med forskjellige mønsterelement og strøkstilar


Banane endrar ikkje innhaldet i eit bilete utan at dei blir streka opp. Du kan bruke RedigerStrek opp bane i biletmenyen. Du kan også bruke knappen Strek opp bane i innstillingsdialogen som kjem fram dersom du vel bane frå verktøykassa. Endeleg også knappen Strek opp bane nedst i banedialogen.

Vel du «Strek opp bane» på ein av desse måtane, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemma korleis oppstrekinga skal sjå ut. Som du ser på figuren, har du mange val. I tillegg kan du bruke alle teikneverktøya.

Figur 7.13. Dialogen for Strek opp bane

Dialogen for Strek opp bane

Du kan teikne opp ein bane fleire gonger og med ulike verktøy og verktøyinnstillingar.