Alle transformeringsverktøya (Rotér, Skalér osv) kan bli sette til å arbeide berre på banar ved å bruke «Verkar på» valet i innstillingsvindauget for verktøya. Dette kan vere ein grei måte å forandra utsjånaden til banane utan å påverka resten av biletet.
Normalt vil transformeringsverktøya berre påverka den aktive banen, dvs. den banen som er utheva i banedialogen. Dette kan du forandra på ved å bruke «låseknappen» i banedialogen. Du kan faktisk også låse lag og kanalar på denne måten. Dersom du for eksempel ønskjer å skalere eit lag og ein bane i same målestokk, klikkar du på låseknappen slik at «lenkesymbolet» blir synleg for desse elementa. Skaleringa vil då gjelde for dei elementa du har låst til funksjonen.