To raske måtar å lage nye penslar på:
Først den superraske måten. Vel det området av biletet du vil lage pensel av ved å marker det med rekteangel- eller ellipse-verktøyet. Kopier dette utvalet ved å trykke på knappen
. Du skal nå kunne finne denne kopien i øvre, venstre hjørne i penseldialogen under namnet «Utklippstavle». Denne kopien kan du nå bruke som pensel.Den andre måten er litt vanskelegare.
Opprett eit nytt bilete med kommandoen Fargemodell til Gråtoner og Fyll med til Kvit.
→ med for eksempel høgde og breidde sett til 35 pikslar. I avanserte innstillingane kan du f.eks. setjeForstørr visinga av biletet og bruk ein svart blyant for å lage ei teikning på biletet.
Eksporter biletet med filutvidinga .gbr i mappa for eigendefinerte penslar, t.d. /home/_brukarnamn_/.gimp-2.8/brushes/.
Klikk på knappen Oppdater penslane () i penseldialogen.
Du vil nå sjå at penselen din dukkar opp saman med dei andre penslane i GIMP, klar til bruk, utan å starta GIMP på nytt.