10. Fargeovergangar («Gradienter»)

Figur 7.23. Eksempel på fargeovergangar

Eksempel på fargeovergangar

Ovanfrå og ned: Forgrunn til bakgrunn (RGB); Full saturation spectrum CCW; Nauseating headache; Browns; Four bars


Ein fargeovergang (også kalla «gradient») er eit sett med fargar arrangert i lineær rekkefølgje. Det enklaste eksemplet på denne bruken finn vi i blandeverktøyet. Dette verktøyet fyller eit utval med fargar frå ein fargeovergang på ein av dei mange måtane du har valet mellom. Dessutan finst det mange andre bruksområde for fargeovergangane, inkludert:

Å teikne med fargeovergang

Kvart av dei grunnleggjande GIMP-verktøya kan brukast saman med fargeovergangar. Dette kan mellom anna nyttast for å lage målingstrøk som skifter farge undervegs.

Filteret «fargelegg frå fargeovergang»

Med dette filteret, som du finn i fargemenyen under avbilding, kan du «fargeleggje» eit bilete ved å bytte ut fargane i biletet med fargane frå den gjeldande fargeovergangen. Dette blir gjort ved at mørke fargar i biletet blir bytt ut med fargane til venstre i fargeovergangen, medan dei lyse fargane blir bytte ut med fargane frå den høgre sida i overgangen. Du finn meir om dette i Del 8.23, “Fargelegg frå fargeovergang”.

GIMP blir levert med mange ferdigdefinerte fargeovergangar. Du kan også lage nye, eller laste inn frå andre kjelder. (Søk på Internett etter «gradient»). Du har full tilgang til alle fargeovergangane frå Fargeovergangsdialogen, som er ein dialog du kan kalla fram når du treng han, eller du kan legge han inn som ei fane i ein annan dialog. Den gjeldande fargeovergangen, brukt i dei fleste fargeovergangsoperasjonane, blir vist i indikatorområdet i verktøykassa. Klikkar du på fargeovergangsbiletet, dukkar dialogen for fargeovergangane opp.

Nokre raske eksempel på bruk av fargeovergangar. Sjå Del 3.5, “Blandeverktøyet” for meir informasjon.

Nokre nyttige opplysningar om GIMP sine fargeovergangar:

Fargeovergangane som følgjer med GIMP er lagra i systemmappa gradients. Dei fargeovergangane du lagar sjølv, blir automatisk lagra i mappa gradients i den personlege GIMP-katalogen din. Når du startar GIMP, vil alle fargeovergangsfilene, dvs. filer med filutvidinga .ggr), bli lasta inn automatisk. Du kan legge inn fleire katalogar eller mapper i søkevegen GIMP nyttar ved å gå inn på fanen for fargeovergangar på sidene for datamapper i brukarinnstillingane.

Frå og med GIMP 2.2 kan du også laste inn fargeovergangsfiler i SVG-format. Dette formatet blir brukt av mange program for vektorgrafikk. Alt du treng å gjere er å legge fila i ei av gradients-mappene eller i ein av søkebanene for fargeovergangar.

[Tips] Tips

Du kan finne mange interessante SVG-fargeovergangar på Internett (søk på «gradient»), spesielt i OpenClipArt Gradients [OPENCLIPART-GRADIENT]. Du kan ikkje sjå korleis desse filene ser ut med mindre du har ein nettlesar som støtter SVG-formatet, men du kan i alle tilfelle lasta dei ned.