Gjennomsikt i bilete kan lagrast på to måtar: enkel binær gjennomsikt og alfa-gjennomsikt. Den første forma blir brukt i GIF-formatet (og i ikon). Her kan du velje ein av fargane i det indekserte fargekartet til å vere gjennomsiktig. I PNG-formatet blir alfa-gjennomsikt styrt frå ein eigen alfakanal.
Notat | |
---|---|
PNG-formatet støtter stort sett dei same eigenskapane som GIF-formatet. I tillegg har PNG støtte for alfakanalar. GIF blir difor i dag sort sett berre brukt til animasjonar. |
Prosedyre 6.1. Å lage eit bilete med gjennomsiktige område (alfa-gjennomsikt)
Vi bruker GIMP sin maskot, Wilber, som eksempel.
For å kunne eksportere eit bilete med alfa-gjennomsikt, må biletet ha ein alfakanal. Dette kan du kontrollera ved å gå inn i kanaldialogen og sjå at det i tillegg til «raud», «grøn» og «blå» også er sett opp «alfa». Dersom det manglar alfa, må du legge til alfakanal frå lagmenyen via + → .
Den originale XCF-fila inneheld bakgrunnslag som kan fjernast. GIMP har mange standardfilter som bruker fargeovergangar. Sjå under
+ . For å vise kva alfa-gjennomsikt kan gjere, har vi vald å lage ein mjuk glød i bakgrunnen rundt Wilber, men du har sikkert fantasi nok til å prøve ut mange andre.Når du er ferdig med biletet, kan du eksportere det i PNG-format.