15.8. Spel av animasjonen

15.8.1. Oversyn

Dette filteret blir brukt for å spele av ein animasjon som er bygd opp med mange biletlag.

15.8.2. Å opne filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterAnimasjonSpel av animasjonen

15.8.3. Innstillingar

Figur 17.368. Innstillingane for filteret «Spel av animasjonen»

Innstillingane for filteret «Spel av animasjonen»

Dette dialogvindauget inneheld :

Førehandsvising

Førehandsvisinga tilpassar seg automatisk etter rammene («frames») i biletet. Nummeret til den viste ramma blir vist i ruta under førehandsvisinga.

Knappane

Dei tre knappane er:

Spel av/Stopp

Med denne knappen kan du starte eller stoppe ei avspeling av animasjonen.

Spol tilbake

Med denne knappen set du animasjonen tilbake til startposisjonen, dvs. den første ramma.

Stegvis

For kvart trykk på denne knappen går animasjonen ei ramme fram.