Desse filtra samsvarer med dei logo-genererande script-fu-skripta ved at dei legg alle slags spesialeffektar til alfakanalen til det aktive laget, altså til pikslar med ein verdi ulik null.
Notat | |
---|---|
Funksjonane verkar berre når biletet inneheld alfakanal. Dersom du finn at alle menyvala er gråa ut, og altså utilgjengelege, kan du legge til ein alfakanal. |
Filtereffekten blir bestemt av alfaverdien, som alltid er eit tal frå 0 (gjennomsiktig) til 255 (ugjennomsiktig). Det er råd å bruke filteret på ein del av eller alle pikslane ved å bruke alfaverdiar mellom 1 og 254.
Dette er noko av det same som når du vel ut pikslane delvis. Desse filtra arbeider alltid på eit utval frå alfakanalen som er laga ved å overføre alfaverdiane til kanalen som representerer utvalet.
Korleis legge eit «alfa til logo»-filter til eit utval?
Dersom det gjeldande laget er bakgrunnslaget, må du sjå etter at det har ein alfakanal. Dersom denne manglar, må du legge til ein alfakanal.
Tips | |
---|---|
Dersom lagnamnet er utheva i lagdialogen, betyr dette at laget manglar alfakanal. |
Inverter utvalet ( → ).
Fjern (det inverterte) utvalet:
→ .Til slutt bruker du det ønskte «alfa til logo»-filteret. (Filteret ignorerer utvalet, så du treng ikkje gjere noko meir med det).