8.9. Fargeforsterking

Kommandoen Fargeforsterking aukar metningsområdet for fargane i laget, utan å forandra lysverdi og kulør. Dette blir gjort ved å konvertere fargane til HSV-systemet og måle området for metningsverdiane i biletet for så å strekke dette området så mykje som råd er. Deretter blir biletet konvertert tilbake til RGB igjen. Kommandoen liknar på Strekk kontrast, men sidan han arbeider i HSV-modus, blir kuløren ikkje endra. «Fargeforsterking» verkar på lag i fargemodus RGB og indekserte bilete. Er biletet i gråskala, er kommandoen uverksam.

8.9.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvaletfrå biletmenyen via FargarAutoFargeforsterking

8.9.2. Eksempel på bruk av «Fargeforsterking»

Figur 16.139. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Fargeforsterking».


Figur 16.140. Eksempel på bruk av «Fargeforsterking»

Eksempel på bruk av «Fargeforsterking»

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av «Fargeforsterking». Resultatet blir ikkje alltid slik du kanskje vente det.