PDB. Lesaren blir mest brukt av folk som skriv eigne skript eller programtillegg.
viser dei prosedyrane som finst i prosedyredatabasen PDB. Desse prosedyrane er funksjonar som blir kalla opp av skript eller programtillegg. Du finn meir om dette i ordlista underFiguren ovanfor viser dialogvindauget for prosedyrelesaren. Dersom du klikkar på eit prosedyrenamn i lista til venstre, vil det til høgre i biletet dukke opp litt informasjon (på engelsk) om programmet. Du kan også søke etter ein prosedyre ved å skrive namnet, eller deler av det, i tekstruta Søk:
Viser ei liste over prosedyrar der delar av det innskrivne ordet i finst i kodenamna.
Viser ei liste over prosedyrar der det innskrivne ordet i finst i ein eventuell omtale.
Viser ei liste over prosedyrar som har det innskrivne ordet i ein eventuell tilleggsinformasjon.
Viser ei liste over prosedyrar som har delar av det innskrivne ordet i namnet på programmeraren.
Viser ei liste over prosedyrar som har delar av det innskrivne ordet i namnet på den som har opphavsrett.
Viser ei liste over prosedyrar som har dato som inneheld det innskrivne årstalet.
Notat | |
---|---|
Denne spørringa bruker tekst og ikkje datoverdiar. Du kan såleis ikkje finne nokre av prosedyreinnslaga sjølv om datoen inneheld året du skreiv inn. For eksempel vil årstal skrive som «2000-2005» ikkje finne prosedyrar datert i 2001, men bare dei som er daterte i 2000 og 2005. |
Viser ei liste med prosedyrar som er av ein av fire typar: «Internam GIMP procedure», «GIMP Plug-In», «GIMP Extension» eller