12.6. Lesar for programtillegg

Lesar for programtillegg opnar eit dialogvindauge som listar opp alle programtillegga («plug-ins») som er lasta inn i GIMP. Du kan velje om du vil ha utlistinga på listeform eller som trestruktur. Sidan mange av filtra eigentleg er programtillegg, kan det hende du finn noen kjende namn på lista. Legg merke til at du ikkje kan køyre utvidingane frå dette vindauget. Bruk i staden den tilhøyrande menyen. T.d. køyrer du filterprogramma frå kommandoen Filter i biletmenyen.

12.6.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via HjelpLesar for programtillegg

12.6.2. Beskriving av dialogvindauget for «Lesar for programtillegg»

Figur 16.214. «Lesar for programtillegg» på listeform

«Lesar for programtillegg» på listeform

Figuren ovanfor viser Lesar for programtillegg sett til å vise på listeform. Klikk på namnet til programtillegget for å få fram meir informasjon om tillegget. Du får fram denne utlistinga ved å trykke på fanen Listeform.

Du kan søke etter eit programtillegg ved å skrive namnet eller deler av det, i feltet Søk:. Du vil då sjå at utlistinga som viser alle funna forandrar seg etter kvart som du skriv.

Figur 16.215. «Lesaren for programtillegg» som tre-vising

«Lesaren for programtillegg» som tre-vising

Figuren ovanfor viser Lesar for programtillegg sett til trevising. Klikk på namnet til programtillegget for å få fram meir informasjon om tillegget. Du får fram denne utlistinga ved å trykke på fanen Trevising.

Du kan søke etter eit programtillegg ved å skrive namnet eller deler av det, i feltet Søk:. Du vil då sjå at utlistinga som viser alle funna forandrar seg etter kvart som du skriv.

[Notat] Notat

Dialogvindauget viser bare ein del av opplistinga. Bruk rulleknappane for å få fram resten.