Dette filteret blir brukt for å lage eit nytt bilete som ein kombinasjon av to andre bilete. Du kan bestemma kva del av kvart av bileta eller laga som skal vere synlege.
Kvart av dei to bileta er kopla saman med eit kart som verkar som maske. Kartet er til vanleg ein gråskala fargeovergang. Mørke område i maska vil vise det underliggande biletet, medan lyse område i maska vil dekke over biletet.
Notat | |
---|---|
Filteret kan bare bruke bilete og masker som er like store og som er opna til skjermen når du kaller opp filteret. Dersom du bruker filteret på eit bilete med fleire biletlag, vil alle laga som er like store som biletet bli lista ut i nedtrekkslista . |
Dette er dei to bileta som skal blandast saman. Du kan velje bilete ved hjelp av nedtrekksmenyen.
Dette er dei to karta som er blir brukte for å maskere kjeldebileta. Du kan velje bilete ved hjelp av nedtrekksmenyen.
Med denne glidebrytaren kan du bestemma, på ein skala frå 0,0 til 2,0 kor mjuke overgangane mellom bileta skal vere.
Denne glidebrytaren styrer kvar overgangen mellom dei to bileta skal vere. Verdien -1,0 gjer at kjelde 1 blir dominerande medan verdien 1,0 gjer at kjelde 2 blir dominerande. Verdiar mellom desse fordeler visinga tilsvarande mellom bileta. Kva for biletdelar i kva for bilete som blir synlege, er også avhengig av kor lyse dei er.
Same som Forskyving ovanfor, men meir nøyaktig i og med at du kan stille inn kvart kart kvar for seg. Når du bruker låge verdiar her, vil dette påverke kartet slik at biletet blir mørkare. Dermed blir svart meir dominant og såleis gjere meir av biletet synleg.
Karta er fargeovergangar i gråskala laga med verktøyet fargeovergangar og modifisert med kurveverktøyet.
Studerer du litt på bileta av resultatet, og samanliknar med bileta over, ser du kanskje kva som har skjedd. Bilete 1 er behandla av kart 1: Den raude firkanten er maskert og bare den gule firkanten er synleg. Bilete 2 er behandla av kart 2: Den raude sirkelen er maskert og bare den grøne sirkelen er synleg. Resultat: Den grøne sirkelen og den gule firkanten er synlege framleis, resten er maskert bort.