5.8. Kurver

Kurveverktøyet er det mest sofistikerte verktøyet GIMP har for å justera fargesettinga i eit bilete. Bruk litt tid og prøv deg fram, og du vil snart oppdaga at du raskt og effektivt kan bestemma kor djupe skyggane skal vere, kor lys himmelen skal vere og mykje, mykje anna. Verktøyet er vel verdt eit lite studium.

5.8.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • I biletmenyen via VerktøyFargeverktøyKurver eller FargarKurver

  • Ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom verktøyet er installert der. (Installeringa er forklart i Del 1.7, “Verktøykassa”).

5.8.2. Innstillingane for Kurver

Figur 14.169. Dialogvindauget Kurver

Dialogvindauget Kurver

Førehandsinnstillingar

Du kan lagre fargeinnstillingane i biletet ved å klikke på knappen Legg instillingane i favorittar () og hente dei tilbake ved å velje i Førehandsvalde

Trykk på symbolet for å opna denne menyen:

Figur 14.170. Menyen for førehandsval

Menyen for førehandsval

som lar deg Importere innstillingar frå fil eller Eksportere innstillingar til fil og gir deg tilgang til dialogvindauget for å handtere lagringane:

Figur 14.171. Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Kanal

Du kan velje mellom fire kanalar:

Verdi

Kurva styrer lysverdien for pikslane, altså kor lyse fargane skal vere.

Raud, Grøn, Blå

Kurva styrer mengda av farge i den valde fargekanalen. Her betyr mørk at det skal vere mindre farge, og då naturlegvis at lys fører til meir farge.

Alfa

Kurva styrer gjennomsikta for pikslane. Her betyr mørk at det skal vere meir gjennomsikt, og då må naturlegvis lys bety mindre gjennomsikt. Biletet eller det aktive laget må ha alfakanal for at dette valet skal vere tilgjengeleg.

Tilbakestill kanal

Denne knappen fjernar alle endringane du har gjort og stiller verdiane tilbake til slik dei var i utgangspunktet.

Knappar for lineær eller logaritmisk vising

Her kan du velje mellom lineær eller logaritmisk vising av histogrammet. Dette kan også gjerast frå dialogvindauget for verktøyinnstillingane. Dette histogrammet er normal grå ut og blir ikkje vist.

Redigeringsområdet
  • Den vassrette fargeovergangen: Denne representerer inngangsverdien. Verdien går frå 0 (svart) til 255 (kvit). Når du flytter på kurva blir denne skalaen delt i to. Den øvre delen viser den tonale balansen for laget eller utvalet.

  • Den loddrette fargeovergangen: Denne styrer utgangsverdien. Verdien går frå 0 (svart) til 255 (kvit), dvs. frå skygge til høglys.

  • Diagrammet: Kurva blir teikna på eit rutenett, og går frå nedre, venstre hjørne og opp til øvre, høgre hjørnet. Koordinata for peikaren blir vist i ei rute oppe til venstre. Når du opnar verktøyet er denne kurva ei rett linje fordi kvart inn-nivå samsvarar med tilsvarande ut-nivå. I kvar ende av kurva er det eit anker, eitt for svart (0) og eitt for kvitt (255).

    Dersom du klikkar på ei kurve blir det oppretta eit anker der du klikka. Når musepeikaren er over eit anker, får han form av ei lita hand. Du kan forandre kurva ved å klikke og dra ankera. Klikkar du utanfor kurva blir kurva flytt slik at det nye ankeret blir inkludert i kurva.

    Det aktive ankeret er kvitt, dei andre er svarte. Du aktiverer eit anker ved å klikke på det, eller ved å bruke tastane høgrepil og venstrepil på tastaturet. Tastane pil opp og pil ned vil flytte det aktive akeret opp eller ned. Dette kan brukast for å finstille posisjonen for ankeret. Held du samstundes nede Shift-tasten, vil ankeret flytte seg 15 pikslar om gongen i staden for ein.

    Den kurvebiten som er mellom to anker blir kalla eit kurvesegment. Dette segmentet viser toneområdet for laget. Sjølvsagt kan du klikke inn nye anker i dette segmentet og forandre forma etter behov. Det er likevel ikkje råd å flytte eit anker forbi endeankera for kurva.

    Du kan fjerne eit anker, unntatt dei i endane, ved å flytte det forbi eit anna anker på ein vassrett akse. Eit trykk på knappen Tilbakestill kanal vil fjerne alle ankera unntatt dei i endepunkta.

    Fører du musepeikaren over biletet vil peikaren få form av ei pipette. Klikkar du på biletet med pipetta, vil det kome fram ei loddrett linje på diagrammet. Denne linja viser verdien den pikselen du klikka på har i den valde kanalen. Held du nede Shift-tasten samstundes med at du klikkar, vil det bli oppretta eit anker der kurva har den aktuelle verdien. Dersom du Ctrl-klikkar, vil det bli laga eit anker i alle kanalane, også alfakanalen dersom han finst. Du kan også halde nede Shift eller Ctrl medan du drar linja. Ankeret vil kome tilbake når du slepp museknappen.

    Histogrammet for det aktive laget eller utvalet er sett inn bare som referanse, og er grå ut.

Kurvetype
Utglatting

Dette er normalmodus og teiknar ei jamn kurve. Resultatet blir ofte meir realistisk enn det neste valet.

Frihand

Med denne kan du teikne ei taggete linje som du kan gjere mjukare ved å klikke på knappen Kurvetype igjen.

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, kan du sjå endringane direkte på biletet.

Dialogvindauget for verktøyinnstillingane

Sjølv om dette verktøyet normalt ikkje er tatt med i verktøykassa (sjå Del 1.7, “Verktøykassa” om korleis du kan legge det inn), har det likevel ein innstillingsdialog der. Denne er omtalt her:

Histogramskala

Desse to vala gjer det same som knappan (logaritmisk) og (lineær) i kurvedialogen.

Gjennomsnitt

Flett gjennomsnitt

5.8.3. Å bruke kurveverktøyet

5.8.3.1. Samandrag og grunnleggande former

I dei etterfølgjande eksempla blir ankerpunkta og segmenta flytt for å forme kurva. Kurva avbilder «inngangs»-fargetonen for det aktive laget eller utvalet på «utgangs»-fargetonen.

5.8.3.1.1. Korleis kurveverktøyet verkar

Flytter du ankeret for ein piksel oppover, vil den tilsvarande pikselen bli lysare.

Å flytte ankeret oppover

5.8.3.1.2. Å gjere kurva meir vassrett

Meir vassrett kurve

Histogrammet viser ei komprimering av pikslar i utområdet. Dei mørkaste og lysaste pikslane forsvinn og kontrasten blir lågare.

Figur 14.172. Å gjere kurva meir vassrett

Å gjere kurva meir vassrett

Gjer kurva meir vassrett

Å gjere kurva meir vassrett

Det resulterande histogrammet


5.8.3.1.3. Å gjere kurva meir loddrett

Å flytte det øvre endepunktet mot venstre og det nedre endepunktet mot høgre har same verknaden som når du flytter den kvite glidebrytaren mot venstre og den svarte glidebrytaren mot høgre i nivåverktøyet. Alle pikslane som har ein høgare verdi enn kvitpunktet (den vassrette delen av kurva) blir kvite medan alle pikslane som har ein lågare verdi enn svartpunktet blir svarte. Pikslar som tilsvarer punkt på kurva som er flytte oppover blir lysare, og tilsvarande mørkare for kurvepunkt som er flytt nedover (grøne piler). Alle desse pikslane vil bli utvida for å dekke heile toneområdet ut frå filteret.

Histogrammet viser utvidinga av verdiane, frå svart (0) til kvitt (255). Kontrasten er auka. Sidan kanalen for lysverdi er vald, vil endringane gjelde alle kanalane. Fargane blir sterkare.

Figur 14.173. Å gjere kurva meir loddrett

Å gjere kurva meir loddrett

Gjer kurva meir loddrett

Å gjere kurva meir loddrett

Resultatet og histogrammet


5.8.3.2. Praktiske eksempel
5.8.3.2.1. Inverter fargar

Inverterte kurver

Alle pikslane har fått komplimentærfargen fordi å trekke kanalverdien frå 255 gir komplementærfargen. Eksempel: Himmelblå (19, 197, 248) blir klar raud fordi 255 - 19 = 236, 255 - 197 = 58, 255 - 248 = 7, altså fargen 236, 58, 7 som hovudsakleg er raud.

5.8.3.2.2. Å forbetra kontrasten

Kontrasten er forbetra

Kontrasten i mellomtonene er auka ved å gjere kurva her brattare. Sjølv om høglysa og skyggane også har auka, er kontrasten i desse områda mindre fordi kurva er flatare.

5.8.3.2.3. Å arbeide på fargekanalar

For kvar av kanalane er kvitpunktet flytt vassrett mot venstre mot det første høglyset. Dette gjer høglyset lysare. Deretter blei kurva forma for å gjere mellomtonene og skyggane lysare men likevel slik at svart er framleis svart.

Originalbiletet og resultatet