4.4. Relieff

4.4.1. Oversyn

Figur 17.39. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «relieff»


Filteret omformar biletet slik at det liknar på eit relieff. Lyse område blir løfta og mørke område blir senka. Du har full kontroll over kor sterk relieffverknaden skal bli.

Dette filteret kan bare brukast på RGB-bilete. For andre fargemodus er filteret utilgjengeleg.

4.4.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarRelieff

4.4.3. Innstillingar

Figur 17.40. Innstillingane for filteret «Relieff»

Innstillingane for filteret «Relieff»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK. Du kan slå av førehandsvisinga dersom datamaskinen av ein eller annan grunn arbeider svært tregt.

Funksjon
Punktkopling

Gir ein mjuk relieffverknad i originalfargane.

Relieff

Gir eit meir markert relieff i gråtoner. Liknar meir på relieff laga i metall.

Asimut

Denne kontrollen bestemmer kva himmelretning lyset skal kome frå. Utgangspunktet 0° tilsvarar aust (frå høgre), 90° tilsvarar nord (ovanfrå), 180° vest (frå venstre) og 270° sør (nedanfrå).

Elevasjon

Denne kontrollen bestemmer kva himmelhøgde lyset skal kome frå («solhøgda»). Utgangspunktet er 0° som tilsvarar at lyset kjem frå horisonten. 90° betyr at lyset kjem rett ovanfrå (zenith) og 180° at lyset kjem frå motsett horisont.

Djupn

Ser ut til å vere avstanden til lyskjelda. Lysmengda minkar når avstanden aukar.