4.5. Gravyr

4.5.1. Oversyn

Figur 17.41. Eksempel på bruk av filteret «gravyr»

Eksempel på bruk av filteret «gravyr»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «gravyr»

Eksempel på bruk av filteret


Dette filteret etterliknar ei form for gravering ved at biletet blir teikna ved hjelp av svarte, vassrette strekar der breidda på strekane blir bestemt ut frå dei opphavlege pikselverdiane. Mørke område gir ein brei strek, medan lyse område blir markert med ein tynnare strek. Effekten kan minne om slik ein finn i eldre bokillustrasjonar.

[Notat] Notat

Fileteret verkar bare på flytande utval og lag med alfakanal. Du kan legge til alfakanal dersom denne manglar.

4.5.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarGravyr

4.5.3. Innstillingar

Figur 17.42. Innstillingane for filteret «gravyr»

Innstillingane for filteret «gravyr»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Høgde

Dette er breidda, frå 2 til 16, på graveringslinjene.

Avgrens linjebreidda

Dersom denne er aktivert, vil det ikkje bli teikna tynne linjer der det er samanhengande fargeområde. Sjå eksemplet nedanfor.

Figur 17.43. Eksempel på bruk av avgrensa linjebreidde

Eksempel på bruk av avgrensa linjebreidde

Originalbiletet

Eksempel på bruk av avgrensa linjebreidde

Med avgrensa linjebreidde

Eksempel på bruk av avgrensa linjebreidde

Utan avgrensa linjebreidde