Dette filteret blir brukt for å lage fraktalar og fleirfarga bilete på grensa til kaos. I motsetnad til filteretIFS-fraktal, som kan redigere fraktalane nøyaktig, er dette filteret enklare i bruk. (Fraktalar er geometriske figurar som blir laga ut frå kompliserte matematiske likningar. Resultatet kan minna om krystalliseringsmønster eller levande planter).
Vindauget til fraktalutforskaren er delt i to hovuddelar med førehandsvisinga og noen knappar til venstre, og til høgre hovudinnstillingane i ulike faner: Parametrar, Fargar og Fraktalar.
Dersom datamaskinen din arbeider svært sakte, kan du avmarkere Førehandsvising i sanntid og i staden trykke når du ønskjer å sjå resultatet.
Ved å klikke og dra på førehandsvisinga, kan du lage eit rektangel som avgrensar det området som zoom-knappane verkar på.
Desse knappane blir brukte for å forstørre eller forminske utsnittet i førehandsvisinga. Trykk på knappen
for å angra zoominga, eller på knappen for å angra angringa.Denne fanen inneheld ein del innstillingar som blir brukte i utrekninga av fraktalen, og kva fraktaltype som skal brukast.
Dei ulike parametra for spreiing, repetisjon og aspekt blir sette ved hjelp av glidebrytarar.
Her bestemmer du maksimums- og minimumsgrensene for spreiinga på fraktalen horisontalt (X) og/eller vertikalt (Y). Verdiane går frå -3,0 til 3,0.
Her bestemmer du på ein skala frå 0,0 til 1 000,0 iterasjonen, dvs. kor langt utrekningane skal gå. Høge tal gir i prinsippet ein detaljert fraktal, men kan ofte føre til ubrukelege resultat.
Desse to glidebrytarane blir brukte for å bestemma aspektet (utbreiinga) for fraktalen horisontalt (X) og vertikalt (Y). Desse parametra verkar ikkje på fraktalar av typen Mandelbrot og Sierpinkski.
Desse knappane blir brukte på vanleg måte for å lagra fraktalen med alle innstillingane eller hente fram ein tidlegare lagra fraktal. Knappen
vil setje alle parametra tilbake til utgangsstillinga.Du kan velje kva for metode som skal brukast for å rekne ut fraktalen, for eksempel Mandelbrot, Julia, Barnsley eller Sierpinski.
I denne fanen finn du innstillingane som bestemmer fargane i fraktalen.
Talet på fargar
Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemme kor mange fargar fraktalen skal innehalde, frå 2 til 8192. Nedst i vindauget kan du sjå den valde paletten. Eigentleg er dette ein fargeovergang mellom fraktalfargane. Du kan endre fargane med innstillingane for fargedekning og fargefunksjonar. Fargane i fraktalen blir bare bestemt i denne fanen, og er uavhengige av fargane i originalbiletet. Du kan gjerne bruke eit kvitt bilete som utgangspunkt.
Dersom det blir uønskte striper i fraktalen, kan du fjerne desse ved å aktivere denne kontrollen som lager mjukare fargeovergangar.
Fargedekning
Med desse glidebrytarane kan du på ein skala frå 0,0 til 1,0 bestemme fargemengda for kvar av fargekanalane.
Fargefunksjon
Du kan her bestemma korleis fargane for kvar av fargekanalane Raud, Grøn og Blå skal behandlast. Vala er:
Fargane blir modulerte etter ein sinusfunksjon.
Fargetettleiken blir modulerte etter ein kosinusfunksjon.
Fargtettleiken vil variere lineært.
Gjer at funksjonsverdiane blir inverterte.
Fargemodus
Her bestemmer du kvar fargeverdiane skal hentast frå.
Fargeverdiane blir henta frå innstillingane Fargedekning ovanfor.
Fargane blir henta frå den aktive fargeovergangen. Du kan aktivere ein ny overgang ved å klikke i ruta som viser fargeovergangen.
I denne fanen finn du ei lang liste over ferdigdefinerte fraktalar. Du kan bruke desse som dei er, eller du kan gjere dine eigne forandringar. Vel ønskt fraktal ved å klikka på han.
Dersom du har lagra dine eigne fraktalar, kan du trykke knappen
for å oppdatere lista utan å starte GIMP på nytt. Har du behov for å fjerne ein fraktal frå lista, trykker du på knappen medan fraktalen er aktiv.