13.16. Kretskort

13.16.1. Oversyn

Figur 17.322. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret «Kretskort»


Filteret kretskort fyller det valde området eller alfakanalen med eit mønster som kan likne det du finn på kretskorta («printbretta») inne i elektronisk utsyr. Resultatet kan ofte forbetrast ved å legge eit fargeovergangslag over mønsterlaget.

[Tips] Tips

Effekten ser ut til å bli best på ulikeforma utval, truleg på grunn av avgrensingar i formlane som blir brukte for å lage labyrinten.

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

[Notat] Notat

Filteret lagar eit gråtonebilete i RGB-modus.

Resultatbiletet er uavhengig av originalbiletet.

13.16.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarKretskort

13.16.3. Innstillingar

Figur 17.323. Innstillingane for filteret «Kretskort»

Innstillingane for filteret «Kretskort»

Maskestorleik

Denne innstillinga blir brukt til å setje verdien for filteret oljemaling i pikslar frå 3 til 50. Normalverdien er 17. Større verdiar gjer strekane meir utydelege.

Startverdi

Startverdien er ein verdi frå 1 til 3 000 000 som blir brukt for å lage eit tilfeldig frø. Normalverdien er 3.

Ingen bakgrunn (bare for delte lag)

Er denne avmerka, vil mørke område av teikninga bli gjennomsiktige slik at bakgrunnsbiletet er synleg gjennom desse hola. Valet Del laga må vere avkryssa for at denne funksjonen skal verke. Valet er normalt ikkje avmerka.

Behald utvalet

Dersom biletet inneheld eit aktivt utval når filteret blir kalla opp, kan du velje å bruke dette utvalet. Dette er også normalinnstillinga

Del laga

Når det er avmerka for denne funksjonen, som er normalinnstillinga, vil filteret opne eit nytt lag og teikne på dette. Er funksjonen ikkje avmerka, vil kretskortet bli teikna på det aktive laget.

13.16.4. Å lage kretskorteffekten

Denne effekten blir laga gjennom følgjande steg:

  1. Filteret køyrer først filteret labyrint med 5 pikslar brei strek og kantane sett med den såkalla «depth first» algoritmen. Mønsteret for labyrinten blir sett ut frå verdien i Startverdi i kretskortmenyen.

  2. Labyrinten blir deretter teikna over med filteret oljemaling med penselbreidda bestemt av maskestorleik.

  3. Det neste steget er å forsterke kantane på den oljeutsmørte labyrinten med filteret kantar med utglattingsverdien sett til 2,0.

  4. Til slutt blir biletet avmetta til gråfargar i RGB-modus.