12.5. Illusjon

12.5.1. Oversyn

Figur 17.255. Illusjon

Illusjon

Originalbiletet

Illusjon

Eksempel på bruk av filteret «Fraktal»


Dette filteret omformar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det ser ut som eit kaleidoskop. Dette blir gjort ved at kopiar av biletet blir meir eller mindre dimma og oppdelte, og deretter spreidde rundt sentrum av biletet.

12.5.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterKartIllusjon

12.5.3. Innstillingar

Figur 17.256. Innstillingane for filteret «Illusjon»

Innstillingane for filteret «Illusjon»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vil endringane bli viste i førehandsvisinga. Du kan flytte rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Deling

Her bestemmer du kor mange kopiar som skal brukast i biletet, frå -32 til 64. Negative verdiar gjer at kaleidoskpopet blir rotert motsett veg.

Modus 1, Modus 2

Dette er to måtar å tilordna kopiane til biletet:

Figur 17.257. Frå venstre: Originalbiletet, Modus 1, Modus 2 med deling = 4

Frå venstre: Originalbiletet, Modus 1, Modus 2 med deling = 4
Frå venstre: Originalbiletet, Modus 1, Modus 2 med deling = 4
Frå venstre: Originalbiletet, Modus 1, Modus 2 med deling = 4