7.5. Neon

7.5.1. Oversyn

Figur 17.146. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Neon»


Filteret finn kantar i det aktive laget eller det aktive utvalet og gir desse kantane ein lys neoneffekt.

Script-Fu-skriptet med same namnet arbeider heilt ulikt dette filteret. Skriptet blir brukt til å lage neonbokstavar med. Sjå Del 16.17, “Neon” for nærare omtale.

7.5.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterFinn kantarNeon

7.5.3. Innstillingar

Figur 17.147. Innstillingane for filteret «Neon»

Innstillingane for filteret «Neon»

Radius

Denne bestemmer kor breie konturane skal vere.

Mengde

Denne styrer, på ein relativ skala frå 0,00 til 1,00, kor sterk filtereffekten skal vere. Dess høgare tal dess sterkare effekt.