7.6. Sobelrelieff

7.6.1. Oversyn

Figur 17.148. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Sobelrelieff»


Dette filteret lager eit relieffliknande bilete ved å teikne dei horisontale og vertikale kantane kvar for seg. Fargebilete blir omforma til RGB-bilete, dersom dei ikkje er det frå før. Som med Laplace-filteret, blir resultatet eit bilete med tynne strekar og noen fargerestar her og der.

7.6.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterFinn kantarSobelrelieff.

7.6.3. Innstillingar

Figur 17.149. Innstillingane for filteret «Sobelrelieff»

Innstillingane for filteret «Sobelrelieff»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, kan du sjå endringane før du eventuelt legg dei til i biletet.

Sobel horisontalt

Teiknar kantane som er nær vassrette.

Sobel vertikalt

Teiknar kantane som er nær loddrette.

Behald resultatforteiknet

Denne innstillinga gir deg høve til å bestemma korleis filteret skal arbeide dersom du har vald bare ei retning. Resultatet er eit flatt relieff med humpar og holer.