5.6. Supernova

5.6.1. Oversyn

Figur 17.110. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Supernova»


Dette filteret lager ei stor stjerne med stråler i biletet. Filteret verkar både på gråskala- og RGB-bilete. Lysmengda avtar omvendt proporsjonalt med avstanden frå midten av stjerna.

5.6.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeSupernova

5.6.3. Innstillingar

Figur 17.111. Innstillingane for filteret «Supernova»

Innstillingane for filteret «Supernova»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vil endringane bli viste i førehandsvisinga. Du kan flytte rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Sentrum for novaen
X, Y

Du kan plassere supernovaen i biletet anten ved å klikke med musepeikaren der du ønsker effekten, eller du kan skrive inn koordinatverdiane i boksane for X og Y.

[Tips] Tips

For å sentrere supenovaen nøyaktig, vel innstillinga «Prosent» i nedtrekkslista og sett X og Y til 50 %.

Vis posisjon

Dette valet aktiverer to hjelpelinjer som viser sentrum for supernovaen.

Farge

Klikk på fargeruta for å opne den vanlege fargedialogen for å bestemma fargen på effekten.

Radius

Dette er radius for senterområdet til supernovaen. Talet på pikslar i novaen er kvadratet av radius.

Stråler

Her bestemmer du kor mange stråler (1-1024) supernovaen skal sende ut.

Tilfeldig kulør

Tilfeldige fargestråler. Verdiane (0 til 360) ser ut til å vere på HSV-fargesirkelen.