Dette filteret legg ein slagskygge til det gjeldande utvalet eller til heile biletet dersom det ikkje er noe utval. Dersom det er nødvendig, vil filteret gjere biletet større for å få plass til skyggen.
Du kan velje farge, retning og storleik på skyggen.
Bakgrunnslaget som filteret oppretter er gjennomsiktig utanom skyggen. For å gjere skyggen synleg, kan du eventuelt legge til eit kvitt lag under skyggelaget.
Desse boksane bestemmer kor mange pikslar skyggelaget skal flyttast horisontalt (forskyv X) og vertikalt (forskyv Y). Store tal vil gi lange skyggar, medan små tal gir korte skyggar.
Forskyvinga kan også vere negativ. Med X < 0 blir skyggen flytt mot venstre og med Y < 0 oppover.
Dersom det ikkje er noe aktivt utval i biletet må Tillat endring av storleik vere aktivisert for at skyggen skal bli synleg.
Skyggen vil bli gjort utydeleg med gaussisk sløring med radius spesifisert i denne ruta. Dette gjer skyggen meir realistisk. Sidan sløringa utvidar skyggen, kan det vere nødvendig å ha aktivert Tillat endring av storleik for å sjå effekten fullt ut.
Dette er skyggefargen. Klikk på knappen og vel ein høveleg farge.
Dette det same som å setje dekkevna for det laget som inneheld skyggen. Dekkevna bestemmer kor gjennomsiktig skyggen skal vere. (Sjå om dekkevne i Del 1.1, “Eigenskapar for laga”). Normalinnstillinga er 80 %, men du kan bruke heile skalaen frå 0 % (full gjennomsikt) til 100 % (full dekkevne). Etter at filteret er lagt til i biletet kan du også regulera dekkevna for skyggelaget i lagdialogen.
Dersom dette valet er aktivisert vil filteret gjere biletet større dersom dette er nødvendig for å få plass til skyggen. Kor stort biletet blir, er avhengig av forma på utvalet, sløringsradius og forskyvinga av skyggen.