10.7. Oljemaling

10.7.1. Oversyn

Figur 17.191. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «oljemaling»


Som namnet indikerer, gjer dette filteret at biletet blir nokså likt eit oljemaleri. Du kan bestemma kor stor pensel filteret skal bruke med kommandoen Penselbreidde.

[Tips] Tips

Ønskjer du meir kontroll med korleis «oljemalieriet» skal sjå ut, kan du prøve filteret GIMPressionist som kan gjere nokolunde det same, men med fleire innstillingar.

10.7.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskOljemaling

10.7.3. Innstillingar

Figur 17.192. Innstillingane for filteret «Oljemaling»

Innstillingane for filteret «Oljemaling»

Maskestorleik

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor grov pensel du vil bruke. Ein brei pensel gir ein meir «maleriliknande» utsjånad.

Bruk kart for maskestorleik

Bruk kart for maskestorleik blir brukt for å bestemme varierande maskestorleik. Storleiken blir redusert i høve til kor mørk tilsvarande piksel er i mønsterbiletet (kartet). Du kan velje mellom alle opne bilete med same storleik som kjeldebiletet.

Eksponent

Eksponenten bestemmer dekkevna for penselen som lager dei oljeaktige stroka.

Bruk eksponentkart

Bruk eksponentkart blir brukt for å bestemme varierande dekkevne for penselstroka. Dekkevna blir redusert i høve til kor mørk tilsvarande piksel er i mønsterbiletet. Du kan velje mellom alle opne bilete med same storleik som kjeldebiletet.

Bruk intensitetsalgoritme

Intensitetsalgoritmen blir brukt for å gjerebiletdetaljane og fargane meir likt originalbiletet.