Dette filteret er det mest omfattande av dei artistiske filtra. Det kan gjere det same som filtera kubisme og lerret og ein heil del i tillegg. Resultatet blir omlag som om du har malt biletet på papir med ein eller annan fritt vald pensel. Filteret arbeider på det aktive laget eller utvalet.
Dialogvindauget har på venstre sida ei alltid synleg førehandsvising og på høgre sida ei større mengde innstillingar for GIMPressionist i ulike faner.
Førehandsvisinga syner ikkje endringane i biletet før du har trykt på knappen
. Dette rett og slett fordi filteret bruker så mykje datakraft at det ville seinka arbeidet stendig å stendig måtte oppdatere. Skulle du kome for langt ut på viddene, kan du alltid bruke knappen for å setje alle parametra tilbake til originalbiletet.Filteret «GIMPressionist» har mange ulike innstillingar. I tillegg kan desse innstillingane kombinerast og såleis gi nesten uteljande mange ulike påverknader på biletet. Difor er det også viktig å lagra eventuelle interessante innstillingar du måtte kome fram til. Det er uråd å hugse alle kombinasjonane. Sidan utvalet er så stort, er det også vanskeleg å vite på førehand kva resultatet blir.
Innstillingane for «Førehandsinnstillingar»
Lagrar dei gjeldande innstillingane. Bruk dialogboksen til venstre for denne knappen til å gi innstillingane eit namn og eventuelt ei kort beskriving i dialogvindauget som dukkar opp.
Trykk på denne knappen for å hente parametra for den valde førehandsinnstillinga i lista.
Trykk på denne knappen for å slette den valde førehandsinnstillinga i lista. Du kan bare slette innstillingar du har laga eller lagt inn sjølv.
Oppdaterer lista over førehandsinnstillingar.
I denne fanen kan du velje teksturen på biletoverflata frå lista med ferdiglaga teksturane. Strukturen for den valde teksturen blir vist i ei førehandsvising.
Innstillingane for fanen «Papir»
Inverterer den valde teksturen slik at det som før såg ut som ei hole nå ser ut som ein hump, og omvendt.
Den valde teksturen blir lagt over biletet som eit gjennomsiktig papir i staden for å påverka biletet direkte.
Denne glidebrytaren bestemmer storleiken på teksturen i prosent av originalen. 100% betyr at mønsteret blir det same som vist i førehandsvisinga.
Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken på teksturen, altså kor mykje teksturen skal vere synleg i biletet.
I denne fanen finn du alle «reiskapa» som kan brukast for å teikne på biletet. Du finn her ei liste over alle tilgjengelege «penslar» og ei førehandsvising av den valde penselen.
Innstillingane for fanen «Pensel»
Den lille glidebrytaren blir brukt for å velje gammaverdi for den valde penselen. Gammaverdiane påverkar lysverdien i midttonene i biletet.
Det er også råd å bruke eigne bilete som penslar. Einaste kravet er at biletet må vere synleg på skjermen før du opnar filteret. Naturlegvis bør slike bilete ver nokså små for å få ein brukbar effekt.
Dersom biletet du bruker har fleire biletlag, vil kvart av desse bli vist i utvalslista, og i førehandsvisinga dersom laget er aktivisert, og kan bli brukt som pensel.
Du kan lagra den aktiviserte penselen ved å trykke på knappen
.Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemma forholdet mellom høgde og breidde for penselen. Den minste verdien (-1,0) set penselen til full horisontal breidde og neste ikkje høgde. Maksimalverdien (1,0) gjer penselen mykje høgare i høve til breidda. Forandringane blir viste i førehandsvisinga.
Her bestemmer du mengda av farge for kvart strøk. Høge verdiar kan gi ein effekt av å legge på maling med palettkniv.
Dei innstillingane som påverkar orienteringa av penselstrøka er samla i denne fanen. Ved å variera strøkretninga vil biletet bli meir likt slik ein malar gjer det.
Innstillingane for fanen «Orientering»
Her bestemmer du kor mange gonger penselen skal passera eit punkt med ulik strøkretning kvar gong. Resultatet blir eit tykkare malinglag.
Denne glidebrytaren bestemmer ikkje bare vinkelen for første strøket, men gjer denne vinkelen til hovudretninga for dei fleste strøka. Dette blir ofte brukt for å gi inntrykk av rørsle i biletet.
Definerer vinkelen, sektoren, for «vifta» i strøket.
Her vel du ut kva kriteriar som skal bestemma retninga på penselstrøka.
Retninga på penselstrøka blir bestemt ut frå lysverdien i området.
Avstanden frå biletsenteret bestemmer retninga på penselstrøka
Gir ei tilfeldig retning på penselstrøka.
La retninga frå biletsenteret bestemma retninga på penselstrøka
Eigentleg ikkje ei retning. Lager «svevande» penselstrok.
Retninga på penselstrøka blir bestemt ut frå kuløren i området.
Retninga på penselstrøka blir mest mogleg bestemt ut frå retningar i originalen.
Dersom du trykker på knappen retningskarthandteraren slik at du kan setje strøkretningane manuelt.
vil du få opp dialogen forI denne fanen er alle innstillingane som verkar inn på storleiken til penslane samla. Du kan også setje avgrensingar, og i tillegg velje kva som skal styre storleikane.
Innstillingane for fanen «Storleik»
Dei tre glidebrytarane bestemmer kor store penslane skal vere og kor mange ulike storleikar du kan ha i biletet.
Kor mange ulike penselstorleikar som skal vere i bruk.
Penslane vil få ein storleik mellom desse verdiane. Dess større storleik dess større blir breidda og lengda av strøka.
I denne tabellen vel du kva som skal styra storleiken på penselstrøka.
Storleiken blir bestemt ut frå lysverdien i området.
La avstanden frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstrøket
Set ein tilfeldig storleik for kvart strøk.
La retninga frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstrøket
Gjer at strøka følgjer eit «svevande» mønster.
Storleiken blir bestemt ut frå kuløren i området.
Vel den penselstorleiken som kjem nærast originalbiletet
Dersom du trykker på knappen Retningskarthandteraren slik at du kan setje strøkretningane manuelt.
vil du få opp dialogen forI denne fanen kan du bestemme korleis penselstrøka skal fordelast i biletet.
Innstillingane for fanen «Plassering»
Når det gjeld måten å plassera penselstrøka på, har du to val:
Med dette valet blir penselstrøka fordelt tilfeldig i biletet. Dette gir ei meir realistisk teikning.
Plasserer strøka jamnt utover biletet
Bestemmer kor tett malinga skal vere. Med liten dekkevne vil papiret eller bakgrunnen vere synleg i område som ikkje er dekka av penselstrøk.
Konsentrer penselstrøka omkring sentrum av biletet.
Denne fanen blir brukt for å bestemme kva som skal styre penselfargen.
Fargeinnstillingar
Du kan setje strøkfargen på to måtar:
Penselfargen blir gjennomsnittet av alle pikslane under penselen.
Fargen blir bestemt ut frå pikselen under midten av penselen
Her kan du setje til støy i fargen for å gjere han mindre homogen.
I denne fanen kan du bestemme kva som skal vere bakgrunnen i biletet. I tillegg styrer du også relieffverknaden for penselen frå denne fanen.
Generelle innstillingar
Det originale biletet blir brukt som bakgrunn.
Bruk kopi av teksturen i det valde papiret som bakgrunn
Du kan velje farge for den einsfarga bakgrunnen ved å klikke på fargeruta.
Bruker ein gjennomsiktig (transparent) bakgrunn. Bare dei malte penselstrøka vil vere synlege. Dette valet er bare tilgjengeleg dersom biletet har ein alfakanal.
Dersom denne er aktivisert, vil det bli teikna ein smal kant rundt penselstrøket.
Dersom denne er aktivisert, vil biletet kunne flisleggast utan synlege saumar mellom bileta. (Flislegging er å legge mange kopiar av biletet ved sida og over kvarandre for å dekke eit større område). Høgresida vil passe til venstresida og botnen til toppen. Dette er spesielt nyttig dersom du bruker biletet som bakgrunn på ei nettside.
Legg ein skyggeeffekt til penselstrøka.
Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje kanten av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok. Ein høg verdi gjer at relieffverknaden av strøka blir større.
Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok.
Denne glidebrytaren bestemmer kor langt ut frå objektet skyggen skal nå.
Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen skal slørast.
Dette er ein grenseverdi for kor store avvik som skal føre til reaksjonar der valet av m.a. penselstorleikar blir bestemt ut frå andre verdiar i biletet.
Retningskartbehandlaren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikar på knappen i fanen Orientering i dette fiteret. Handteraren blir brukt til å bestemma retninga for malingstrøka i filteret.
Det er råd å setje inn ein eller fleire såkalla «vektorar» som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma både retninga og styrken for kvar enkelt vektor.
Det venstre vindauget (Vektorar) blir brukt for å styre vektorane. Når du opnar dialogvindauget er det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Ein utvald vektor er farga raud, dei andre vektorane er grå. Spissen (ankerpunktet) av vektoren er markert med ein kvit prikk.
Du kan legge til ein vektor i midten av biletet ved å klikke på knappen
. Klikk med den for å flytte vektoren til der du klikka.Dersom du klikkar på den
, vil den aktive vektoren bli flytt til dit musemarkøren er plassert.Dersom du klikkar på den
vil den aktive vektoren peike til dit musemarkøren er plassert.Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane
og .Trykk på knappen
for å fjerne den markerte vektoren.Tips | |
---|---|
Rulleknappen til høgre for vektorpanelet blir brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane. |
Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men gir eit inntrykk av korleis vektorane verkar inn på biletet.
Dette er ulike måtar å påverka området rundt den aktive vektoren på. Verknaden blir vist i førehandsvisinga, og er for kompleks til å kunne beskrivast på fornuftig vis.
Eit «Voronoi-diagram» deler eit plan med n hovudpunkt inn i n polygon der kvart polygon inneheld eitt av dei n hovudpunkta. Dei andre punkta i polygonet er nærare dette hovudpunktet enn dei andre hovudpunkta. Grensa for polygonet er altså halvvegs mellom to hovudpunkt. Her er eit eksempel på eit voronoidiagram:
Når det er avmerka for dette valet, vil bare den vektoren som er nærast eit gitt punkt påverke dette punktet.
Retninga til den aktive vektoren. Verknaden er den same som når du klikkar med den
nemnd ovanfor.Med denne glidebrytaren forandrar du vinkelen til alle vektorane samstundes.
Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande vektorar, og avtar med avstanden. Lengda på vektoren viser styrken.
Denne glidebrytaren styrer lengda på alle vektorane samstundes og endrar såleis styrken på penselstroka.
Storleikshandteraren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikkar på knappen i fanen Storleik i innstillingane for dette fiteret. Handteraren blir brukt til å bestemma storleiken på malingstrøka i filteret.
Det er råd å setje inn ein eller fleire vektorar som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma styrken for kvar enkelt vektor.
Dette vindauget blir brukt for å plassere vektorane. Ved å klikke på knappen
blir det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Når du klikker på den midtre museknappen vil vektoren bli flytt til der du klikka. Den aktive vektoren er raudfarga med eit kvitt punkt i den eine enden, dei andre vektorane er farga grå.Dersom du klikkar på den
, vil den aktive vektoren bli flytt til dit musemarkøren er plassert.Klikk med den
har ingen verknad.Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane
og .Klikk på knappen
for å slette den aktive vektoren.Tips | |
---|---|
Rulleknappen til høgre for vektorpanelet blir brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane. |
Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men viser reint skjematisk korleis vektorane verkar inn på biletet. Storleiken på firkantane viser penselstorleiken og penselstyrken.
Her bestemmer du kor store penselstrøka skal vere i det valde sektorområdet.
Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande område, og avtar med avstanden.
Endrar eksponenten for styrken på penselstrøket.
Sjå under Retningskarthandterareen for ei nærare forklaring.