4.11. Innrulling

4.11.1. Oversyn

Figur 17.61. Eksempel på bruk av filteret «innrulling»

Eksempel på bruk av filteret «innrulling»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «innrulling»

Eksempel på bruk av filteret «innrulling»


Filteret ruller inn eit hjørne på det aktive laget eller utvalet. Det blir opna eit nytt «innrullingslag» i biletet og ein ny alfakanal. Den delen av innrullingslaget som ikkje er med i effekten blir gjennomsiktig slik at det underliggande laget blir synleg der hjørnet er rulla inn.

4.11.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarInnrulling

4.11.3. Innstillingar

Figur 17.62. Innstillingar

Innstillingar

Posisjon

Du kan velje kva hjørne som skal ha innrullinga: Øvre, venstre, Øvre, høgre, Nedre, venstre eller Nedre, høgre.

Orientering

Her bestemmer du kva kant innrullinga skal føregå frå, Horisontal eller Vertikal.

Skygge under bretten

Dette er skyggen på innsida av innrullinga.

Forgrunn-/bakgrunnfarger, Gjeldande fargeovergang, Gjeldande fargeovergang (reversert)

Instillinga gjeld den ytre delen av hjørnet.

Dekkevne

Denne glidebrytaren bestemmer dekkevna til innrullinga, altså kor synleg biletet under bretten skal bli. Du kan også bestemme dekkevna i lagdialogen om det passar betre.