Dette filteret omformar biletet til ei kvadratisk eller sirkulær form, eller ein eller annan overgang mellom desse.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen
.Denne glidebrytaren bestemmer forma på omforminga, frå 0 %, som gir eit rektangel, til 100 % som blir ein sirkel.
Denne glidebrytaren bestemmer på ein skala frå 0° til 359° om biletet skal roterast med klokka, og i tilfelle kor mykje.
Gjer at teikninga av effekten byrjar frå høgre i staden for frå venstre.
Dersom denne er markert, vil topprada i biletet bli flytt til midten av biletet og botnrada bli lagt til kanten av figuren. Dersom denne ikkje er markert, vil botnrada i biletet bli flytt til midten av biletet og topprada bli lagt til kanten.
Dersom denne er avmerka, vil biletet bli teikna i ein sirkel. Er denne ikkje avmerka, blir biletet teikna sirkulært i eit rektangel.