12.8. Papirfliser

12.8.1. Oversyn

Figur 17.266. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Papirfliser»


Dette filteret deler det aktive laget eller utvalet opp i firkanta bitar som deretter blir flytt rundt slik at dei meir eller mindre overlappar eller blir flytt frå kvarandre. Bitane kan også gå ut over biletkanten.

12.8.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterKartPapirfliser

12.8.3. Innstillingar

Figur 17.267. Innstillingane for filteret «Papirfliser»

Innstillingane for filteret «Papirfliser»

Deling

Filteret byrjar med å dele biletet opp i bitar, x bitar vassrett og y bitar loddrett. Sidan talet på bitar og storleiken på dei er avhengige av kor mange bitar det er, og omvendt, er parametra for X, Y, Breidde og Høgde lenka samen.

Flytting
Maks (%)

Her bestemmer du kor mange prosent bitane maksimalt kan flyttast langs sidene i firkantane.

Linjebryting

Under flyttinga kan det hende at einskilde papirbitar hamnar utanfor biletkanten. Dersom det er merka av for denne funksjonen, vil desse bitane dukka opp igjen på motsett biletkant.

Restpikslar

Under oppdelinga til fliser kan det hende at noen originale pikslar blir igjen. Du har tre måtar å behandla desse på:

Bakgrunn

Gjenverande pikslar blir erstatta ut frå innstillingane sett i det føgjande avsnittet.

Ignorer

Innstillinga Bakgrunnstype blir ignorert, pikslane blir verande som dei er.

Tving

Dei resterande pikslane blir delt opp saman med flisene.

Bakgrunn

Dersom radioknappen Bakgrunn er avkryssa, har du seks ulike bakgrunntypar å velje mellom:

Gjennomsiktig

Bakgrunnen blir gjennomsiktig.

Invertert bietet

Bakgrunnsfargane blir inverterte ved å trekke verdien frå 255 for kvar fargekanal.

Bilete

Bakgrunnsfargane blir uendra. Originalbiletet bir brukt som bakgrunn.

Forgrunnsfarge

Dei gjenståande pikslane blir erstatta med forgrunnsfargen som er sett i verktøykassa.

Bakgrunnsfarge

Dei gjenståande pikslane blir erstatta med bakgrunnsfargen som er sett i verktøykassa.

Vel her

Dersom denne radioknappen er avmerka, kan du klikke i fargeruta for å hente fram ein fargeveljar for å velje bakgrunnsfarge.

Sentrer

Dersom det er merka av for dette valet, vil papirbitane bli tettast i sentrum av biletet.