Filteret legg småbølgjer eller krusningar inn i det aktive laget eller utvalet. Effekten kan minne om refleksjonar i uroleg vatn.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen
.Dette forbetrar den eventuelle hakkete utsjånaden til kantane.
Dersom biletet er flislagt, blir dei saumlause overgangane uforandra.
Her kan du bestemma om bølgjene skal vere Horisontale eller Vertikale.
Sidan filteret forskyv pikslar i biletet, kan det hende at det forsvinn pikslar frå kantane av biletet. Du kan her bestemme korleis dei manglande pikslane skal erstattast.
Linjebryting: Dei pikslane som blir borte frå ei side, dukkar opp på motsett side og erstattar pikslane som forsvinn frå denne sida.
Smør ut: Dei overskytande pikslane blir spreidde utover for å erstatte dei manglande pikslane.
Dersom Blank er aktivert, vil dei manglande pikslane bli erstatta med svart dersom laget ikkje har alfakanal eller bli gjennomsiktige dersom laget har alfakanal.
Vel utsjånaden til bølgjene:
Sagtann
Sinus
Bestemmer bølgelengda (0 til 200 pikslar)
Bestemmer bølgehøgda (0 til 200 pikslar)
Bestemmer kor mykje (0 - 360 gradar) bølgja skal vere «forseinka». Køyrer du filteret ein gong til med dei same innstillingane men med ei faseforskyving på 180, vil biletet bli nokså likt det opphavlege biletet.