Dette filteret lager fleire kopiar av originalbiletet og legg desse inn i biletet i staden for originalen. Du kan velje storleik på kopiane. Det nye biletet blir eventuelt gjort større for å gi plass til flisene. Du kan velje å legge flisene inn i originalbiletet eller å lage eit nytt bilete.
Flislegg til nytt format
Her skriv du inn kor stort det ferdige biletet skal bli. Normalt er verdiane lenka saman. Du kan bryte lenka og setje verdiane uavhengige av kvarandre. Det er også råd å velje andre måleeiningar enn pikslar, om det er ønskjeleg.
Det nye biletet må vere større enn originalbiletet elles vil filteret bare lage ein kopi av biletet. Dersom dei nye verdiane ikkje er multiplar av («går opp i») dei opphavlege verdiane, blir noen av flisene avskorne.
Det kan vere lurt å krysse av for denne slik at du slepp å forandra originalbiletet.