Desse filtra legg ein fargeovergangseffekt med skygge og bakgrunn til alfalaget i det aktive laget.
«Basisk II» legg også til eit høglyslag.
Åtvaring | |
---|---|
Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget. |
Filtra, som er avleidde frå logoskripta «basisk I» og «basisk II» ( sjå
→ → i biletmenyen) , lagar for eksempel desse teksteffektane:Denne fargen blir brukt til å fylle bakgrunnslaget laga av filteret. Forvalet er sett til kvit, men du kan klikke på fargeruta for å velje ein annan farge.
Namnet skriv seg frå dei originale logoskripta der det blei brukt førehandsvalde basisfargar (blå (6,6,206) i «basisk I» og raud (206,6,50) i «basisk II») for fargeovergangen. Basisfargen er den fargen alfakanalen blir fylt med før fargeovergangseffekten blir lagt til.
Du kan reprodusere effekten ved å bruke blandeverktøyet med desse innstillingane:
Modus: Multipliser
Fargeovergang: FG til BG (RGB) der forgrunnen er kvit og bakgrunnen svart
Forskyving: 20
Form: Radial
Utjamning: Avkryssa