Kommandoen
plasserer ei hjelpelinje i biletet med koordinata spesifiserte i prosent av høgde og breidde.Tips | |
---|---|
Du kan legge til hjelpelinjer mykje raskare ved å dra dei ut frå biletlinjalane og plassere dei der det passar. Rett nok er det vanskelegare å plassere hjelpelinjene nøyaktig på denne måten, men som oftast går det bra. |
Når du vel denne menyoppføringa blir det opna eit dialogvindauge der du kan bestemma Retning og Posisjon i prosent for den nye hjelpelinja.
Du kan velje Retning for hjelpelinja, anten Horisontal eller Vertikal ved hjelp av nedtrekkslista.
Du kan også bestemme Posisjonen til den nye hjelpelinja. Utgangspunktet (0,0) er øvre, venstre hjørne av lerretet.