6.23. Ny hjelpelinje

Kommandoen Ny hjelpelinje legg ei ny hjelpelinje til i biletet.

[Tips] Tips

Du kan legge til hjelpelinjer mykje raskare, om enn ikkje fullt så nøyaktig, ved å dra dei ut frå biletlinjalane og plassere dei der det passar.

6.23.1. Aktivering

Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteHjelpelinjerNy hjelpelinje.

6.23.2. Innstillingane for «Ny hjelpelinje»

Når du klikkar på Ny hjelpelinje, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemme Retning og Posisjon i pikslar for den nye hjelpelinja meir nøyaktig enn du kan ved å dra linja ut i biletet med musepeikaren.

Figur 16.82. Beskriving av dialogen «Ny hjelpelinje»

Beskriving av dialogen «Ny hjelpelinje»

Retning

Du kan velje Retning for hjelpelinja, anten Horisontal eller Vertikal ved hjelp av nedtrekkslista.

Posisjon

Koordinata for Posisjonen har utgangspunktet (0, 0) i øvre, venstre hjørne av lerretet.