3.9. Lim inn i utvalet

Kommandoen Lim inn i utvalet liknar nokså mykje på Lim inn. Den viktigaste skilnaden er at dersom det finst eit utval på lerretet, vil Lim inn bruka dette for å sentrera det innlimte området, medan Lim inn i utvalet brukar det gjeldande utvalet som yttergrenser for det innlimte partiet og klippar bort det som kjem utføre grensene. Du kan flytta rundt på det innlimte laget som vanleg, men berre den delen som er innføre det gjeldande utvalet er synleg.

Dersom det ikkje finst noko utval i biletet, vil «Lim inn i utval» plassera utklippet sentrert på lerretet på same måten som kommandoen «Lim inn» gjer det.

3.9.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerLim inn i utvalet.